Banken har ledig stilling som kunderådgjevar privatmarknad med kontorstad Måløy.
Søknadsfrist 26.09.2021
Vi ønskjer å utvikle posisjonen vår i Måløy og søkjer ein dyktig kunderådgjevar som kjenner og har relasjonar i marknaden. Vi er interessert i deg som ønskjer å vere med på å gje gode kundeopplevingar og å bidra til vår gode vekst i Måløy.
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak omfatte:
• Finansiell rådgjeving og kundeservice
• Oppfølging og aktivitetar mot privatkundar
• Jobbe målretta med å bygge eigen kundeportefølje
• Aktivt sal og marknadsføring av banken sine produkt og tenester
Til stillinga søkjer vi deg som:
• Har høgare utdanning og interesse for økonomi.
• Er engasjert, omgjengeleg og serviceinnstilt
• Kan skape tillit, gode relasjonar
• Kan arbeide både sjølvstendig og i team
• Er Autorisert Finansiell Rådgjevar, eller ønskjer å bli det
• Har solid vurderingsevne og er trygg i relasjon med kunde
Vi tilbyr:
• Ei spennande og utfordrande stilling med god moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank
• Løn etter avtale
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Eit veldig godt arbeidsmiljø med gode kollegaer som vil ta godt imot deg
• Nytt og moderne kontorlokale
Nærare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte regionbanksjef Ole Aukland, tlf 93232605.
Sparebanken Sogn og Fjordane er den åttande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.