Kunderådgjevar privatmarknad

Vi har fokus på å gi kunden den beste rådgjevinga - i kombinasjon med god lokalkunnskap er dette Sparebanken Sogn og Fjordane si største styrke. Vi søker no etter kunderådgjevar privatmarknad Førde.
Du vil få ansvar for å følge opp og utvikle eiga kundeportefølje gjennom god rådgjeving og tilpassa produkt, både til eksisterande og nye kundar.
Trivst du med å vere der det skjer, og blir du motivert av ein variert kvardag i samspel med kjekke kollegaer og kundar? Om du får meistringsfølelse og energi i skapinga av gode relasjonar – då er du den vi er på jakt etter!
Vi ser etter deg som har lukkast med å gjere kundereisa god. Du avdekkar behov og finn dei riktige løysingane for kundane. Du trivst med å vere ein lagspelar, men du har også driv og engasjement i sjølvstendig arbeid. Det er ein fordel om du har høgare utdanning og ei autorisert finansiell utdanning, men erfaring frå relevant arbeid kan vege opp for krav til utdanning. 
Som arbeidsgjevar kan vi tilby interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ein innovativ og framtidsretta bank, i eit sterkt fagmiljø. Vi tek godt vare på dei tilsette og tilbyr fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis samt gode pensjons- og forsikringsordningar.
Hos oss er det korte vegar til avgjerdsler, vi hjelper kvarandre for å lykkast og det er rom for å vere seg sjølv.

Fakta om stillinga

Søknadsfrist:
28.09.2022

Kontorstad:
Førde

Kontakt:
Banksjef Lars Solnørdal:
412 18 746
Søk her
Sparebanken Sogn og Fjordane er den åttande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og nær 270 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.