Kunderådgjevar privatmarknad, Kundesenter

Vi skal gi kunden den beste rådgjevinga - i kombinasjon med god lokalkunnskap er dette Sparebanken Sogn og Fjordane si største styrke. No kan du få vere med på laget!
Kundesenteret skal begeistre kundane våre gjennom gode kundeopplevingar. Avdelinga er i stadig utvikling og endring, og vi har no ledig fleire faste stillingar. Kommuniserer du tydeleg, er engasjert, motivert, samt trivast med kundekontakt? Då bør du søkje jobb hos oss!
Vi ser etter deg som ser kundane våre. Du kartlegg behova deira og finn dei riktige løysingane for dei. Som kollega er du ein lagspelar, men du har også driv og engasjement i sjølvstendig arbeid. Du utfordrar oss med nye idear og nye måtar å løyse kundebehov på. Du har relevant utdanning, eller erfaring frå liknande arbeid som kan vege opp for kravet til utdanning.

Arbeidsoppgåver

  • At kundane våre får hjelp i første kontakt med banken
  • Bidragsytar i arbeidet med å tilby gode løysingar for bank og kunde
  • Ansvar for oppfølging av kundar og utvikling av mål og servicegrad
  • Fokus på effektivisering og automatisering av interne prosessar i tett samarbeid med forretningsutvikling og lokalkontora våre
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. Her er det korte vegar til avgjerder, og vi hjelper kvarandre med å lukkast.
Arbeidsstad: Førde
Om du har spørsmål til stillinga kan du kontakte Torunn Espeseth på tlf 958 86 063 eller Linda Vøllestad Westbye på tlf 976 72 504.
Vi ser fram til å høyre frå deg!

Fakta om stillinga

Søknadsfrist:
10.02.2023
Arbeidsstad:
Førde
Kontakt:
Torunn Espeseth: 958 86 063,
Linda Vøllestad Westbye: 976 72 504
Søk her
Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 70 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.