Har du lyst å jobbe med marknadsføring i eit tverrfagleg miljø i ein av Norges største sparebankar? Ein av våre dyktige tilsette skal flytte, og vi treng difor eit nytt tilskot i det kreative og engasjerte marknads- og kommunikasjonsteamet vårt.
Søknadsfrist 11.04.2021
Vi er på jakt etter eit nytenkande og analytisk marknadshovud som skapar innhald med meirverdi for kundane og lønnsam vekst for banken.
Arbeidsoppgåver
  • Planlegge og produsere innhald til digitale marknadskanalar og vidareutvikle desse
  • Planlegge og gjennomføre tiltak for auka rekkevidde og konvertering
  • Rapportere resultat frå marknadsaktivitetar og analysere desse
  • Bidra i utviklinga av marknadsstrategien og synleggjere merkevaren vår
  • Vidareutvikle marknadsarbeidet innanfor sponsorarbeid, webinar, kampanjar, m.m.
Kvalifikasjonar
  • Høgare utdanning innanfor marknadsføring, informasjonsteknologi eller anna relevant utdanning
  • Relevant arbeidserfaring innanfor marknadsføring og kommunikasjon
Det er ein fordel om du har erfaring med
  • Verktøy som Apsis eller andre nyheitsbrev-verktøy, publiseringsverktøy, Facebook Business Manager, Google Ads, LinkedIn Ads og Google Analytics
  • Søkemotoroptimalisering
  • Grafisk design
  • Video og redigering
  • Webinar og podcast
Vi søkjer deg som
  • Er nysgjerrig på kven kundane våre er, kva dei vil og tenkjer og klarer å sette dette i system
  • Er med på å skape treffsikre bodskap og klarar å plassere desse på rett stad til rett tid til rette personen
  • Har eit godt auge for gode brukaropplevingar og ser nye løysingar
  • Søker aktivt ny kunnskap innanfor teknologi og kundeadferd
  • Har stor arbeidskapasitet kombinert med lyst til å skape endring og resultat saman med andre
  • God formuleringsevne, både munnleg og skriftleg. Målforma er nynorsk.
Vi tilbyr
  • Gode fagmiljø i ein marknadsorientert organisasjon med ei sterk merkevare
  • Varierte oppgåver med stor grad av sjølvstende
  • Konkurransedyktige vilkår, gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode moglegheiter for fagleg vidareutvikling
Arbeidsstad er marknads- og kommunikasjonsavdelinga i Førde.
Har du spørsmål kan du kontakte leiar Marknad og kommunikasjon, Johanne Viken Sandnes, tlf.: 959 21 208.
StillingstittelSøknadsfrist
Marknadsførar11.04.2021Sjå meir og søk
Fagansvarleg HR11.04.2021Sjå meir og søk
Kunderådgjevar Stryn18.04.2021Sjå meir og søk
Open søknad2025Sjå meir og søk