Prosjektleiar i vikariat

Trivast du med å skape resultat gjennom prosjekt? Sparebanken Sogn og Fjordane søker etter prosjektleiar til eitt års vikariat.
Vikar prosjektleiar vil vere leiar for større prosjekt i banken. Kvart år gjennomfører banken mellom 10 og 20 større prosjekt, og du vil vere prosjektleiar for minimum eitt av desse. Dei større prosjekta er som regel tverrfaglege og kan involvere alt frå fem til 50 prosjektmedarbeidarar som bidreg i ulik grad i prosjektet. Du vil jobbe på tvers av dei fleste fagmiljøa i banken.
Banken har eit etablert malverk for prosjekt som du vil få opplæring i. Vi har også eit prosjektleiarforum som møtast kvar månad der du kan få fagleg påfyll, diskutere utfordringar og få støtte frå andre erfarne prosjektleiarar.
Prosjektleiar rapporterer til teknologidirektør.
Dine arbeidsoppgåver
  • Planlegge, starte, gjennomføre, evaluere og avslutte prosjekt
  • Avklare kva roller som er aktuelle i prosjektet og sikre at prosjektmedarbeidarane har ei klar forståing av kva dei skal bidra med
  • Koordinere ulike arbeidsstraumar i prosjekta
  • Rapportere til leiarar og styringsgruppe
  • Vere bindeledd mellom dei ulike teama og avdelingane i banken
  • Budsjettansvar for prosjektet
  • Vere pådrivar i prosessar, utvikling av nye idear og implementere endringar
  • Andre administrative oppgåver ved behov
Dine kvalifikasjonar
  • Utdanning på bachelor- eller masternivå innan prosjektleiing, leiing eller andre relevante fag. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid eller rolle
Dine personlege eigenskapar
  • Du har gode samarbeidsevner og trivast i tverrfaglege team, men arbeider også godt sjølvstendig
  • Du er proaktiv og er ikkje redd for å sette i gang, ta kontroll og delegere
  • Du er nysgjerrig og set deg raskt inn i nye løysningar
  • Du er strukturert og kan følgje opp andre prosjektmedarbeidarar
  • Du skriv godt og kommuniserer presist
  • Evne til å stå med ansvar når situasjonen krev det
Som arbeidsgjevar kan vi tilby ei spennande og utfordrande stilling med god moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Vi tek godt vare på våre tilsette og har fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august og gode pensjons- og forsikringsordningar. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg.

Fakta om stillinga

Søknadsfrist:
27.09.2022

Kontorstad:
Førde

Kontakt:
Teknologidirektør Reiel Haugland:
410 27 905
Søk her
Sparebanken Sogn og Fjordane er den åttande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og nær 270 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.