Kunderådgjevar Bedriftssenter

Vil du jobbe med næringslivet i Sogn og Fjordane?
Bedriftssenteret består i dag av ni medarbeidarar som støttar og rådgjev bedriftskundane på banken sine produkt og tenester, og samarbeider tett med andre fagmiljø. Det er stort fokus på å førebygge kvitvasking og terrorfinansiering både nasjonalt og internasjonalt. Vårt arbeid for å avdekke og stoppe økonomisk kriminalitet er viktig, og vi i Sparebanken Sogn og Fjordane ønsker difor å styrke bedriftssenteret for å ivareta dette arbeidet framover.

Vi søker deg som likar å analysere kundedata, for å bidra til at vi har den kjennskapen vi treng for at banken ikkje medverkar til økonomisk kriminalitet. Du utfordrar oss med nye idear og nye måtar å jobbe på. Du trivst med å vere ein lagspelar, men du har også driv og engasjement i sjølvstendig arbeid.

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak omfatte

  • Gjennomføre kontrollar og kundetiltak på bedriftskundar i banken
  • Støtte og rådgjeving til bedriftskundar og kollegaer

Til stillinga søkjer vi deg som

  • har høgare utdanning innan økonomi, informatikk, matematikk, statistikk eller liknande, og/eller relevant arbeidserfaring gjerne frå bank
  • er analytisk, nøyaktig og strukturert
  • kan skape tillit og utvikle gode relasjonar til kundar og kollegaer
  • har kjennskap/interesse for næringslivet i regionen
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. Her er det korte vegar til avgjerdsler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.
Kontorstad: Førde
For meir informasjon om stillinga kontakt Helena Igelkjøn på tlf. 415 00 933.

Fakta om stillinga

Søknadsfrist:
26.03.2023

Kontorstad:
Førde

Kontakt:
Leiar Bedriftssenteret, Helena Igelkjøn: 415 00 933
Søk på stillinga
Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 70 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.