Tips til deg som skal i konfirmasjon

For dei fleste konfirmantar er det pengar som står øvst på ønskelista, men i staden for ei kontantgåve, kva med å overføre eit beløp øyremerka til fond eller bustadføremål?
Vel du å Vippse eller setje pengane på ein sparekonto, kan konfirmanten få raskare tilgang på pengane. Det meiner kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane, Tor Inge Feidje, er verdt å tenke over når ein gir pengegåva.
– Det kan vere stor forskjell på korleis ein prioriterer å bruke pengane sine når ein er 15 eller 18 år, i motsetnad til når ein er kome opp i 20- eller 30-åra, seier Feidje.

Kortsiktig eller langsiktig pengegåve

Lenge har det vore tradisjon å få ein konvolutt med nokre lappar oppi men Feidje har tips til andre pengegåver du kan gi konfirmanten:
  • Sett inn pengar på sparekonto
  • Øyremerk pengar som skal gå til fondssparing eller aksjesparing
  • Gi pengar til bustadføremål, kanskje har konfirmanten ein Bustadsparekonto?
– Å sette pengar i fond eller på ein bustadsparekonto, er to gåver som har ein langsiktig horisont. Det er foreldra til konfirmanten som må signere for å opprette fondet, så avklar dette på førehand, seier han.

Lær meir om dei aktuelle produkta

Bustadsparing

Konfirmasjonsgåva kan vere ein fin måte å kome i gang med sparing til bustad. Bustadsparekonto er ein konto for sparing til bustad, der ein kan spare inntil 30.000 kroner i året, men gir ikkje skattefrådrag.

Fond og aksjar

Som Feidje nemner over, kan det vere lurt å starte langsiktig sparing sjølv som konfirmant. Ei fin gåve kan vere å gi pengar som er tenkt til sparing i fond og aksjar. Hugs at dersom du ønsker å gi ei slik gåve, er det foreldre eller verje til mottakaren som må signere, så hugs å avtal dette i forkant.

Vipps og kontantfri gåve

Det har blitt vanleg å Vippse pengegåver til både bursdag, dåp eller konfirmasjon. For å bruke Vipps, må barn under 18 år også ha nettbankavtale.