Historia om Kongleriket

Kongleriket ligg midt inne i ein skog og har fått namnet sitt fordi det er så mange kongler akkurat i denne skogen.
Midt i Kongleriket står det ein Ønskebrønn. Dersom du kastar ein kongle i brønnen kan du ønske deg noko. Det er viktig at det er eit fint ønske, det er lov å ønske seg noko for andre enn seg sjølv. Alle har berre to ønsker i året, og du må ikkje fortelje nokon om ønsket til nokon, for då blir det ikkje oppfylt.
Ved sidan av Ønskebrønnen står Pengetreet. Den første torsdagen i månaden, presis klokka fem, kjem Musepatruljen springande med alle sparebøssene og leverer pengane som barna har spart. Sjefen heiter Martin Mus, og har med seg blant anna Marte Mus, Martine Musefrøken og Marius Musegut. Alle i Musepatruljen har brune uniformer med knappar framme. Dei jobbar fort og nøye, og føler eit stort ansvar for pengetransporten dei har med seg.
Når Musepatruljen har levert sparebøssene ved Pengetreeet, tar Hjørdis Hjort over ansvaret for pengane, og ho har full kontroll. Ho tel kor mykje som har blitt spart, og så legg ho pengane i små luker i Pengetreet. Det er så koseleg, synest Hjørdis. Akkurat som pengane bur i kvart sitt vesle hus, med dør på. Alle dørene har nøkkel slik at Hjørdis kan låse pengane trygt inn i husa sine. Her i Kongleriket er pengane trygge, tenker ho nøgd.
Før tømde Musepatruljen pengane i Ønskebrønnen, og så blei dei talde der og hengt til tørk i Pengetreet. Men etter at dei fekk besøk av den skumle Elggjengen med Benny, Bønna og Bjarne, fann dei ut at dei måtte begynne å låse inn pengane i staden.
Pengetreet og Ønskebrønnen fungerer altså som banken i Kongleriket. Den øvste sjefen for banken heiter Roland Pungrotte. Han likar å kle seg i smoking og har alltid ei sølvskei i munnen. I tillegg har han svart belte i Kung Fu frå sine yngre dagar.

Hjørdis er veldig glad i jobben sin i banken, spesielt fordi ho veit at jobben ho gjer er viktig for alle dei flinke barna som har spart pengar på bøssene sine. Pengar dei kan bruke på ting dei ønskjer seg – sykkel, rulleskøyter, sparkesykkel, fotballsko eller noko anna bra. Kanskje dei skal spare pengane sine i mange år, til dei skal begynne på skule eller dei sparer til ei reise langt av stad til eit framandt land.
Hjørdis veit kva ho sparer til; eit kokkekurs med ein meisterkokk slik at ho kunne lært seg å lage delikatesser som løvetannsaft, konglepai og nøtteis. Det hadde vore noko, tenker ho.
Kva sparer du til?

Høyr spennande historier frå Kongleriket

Elin og Fiol

Anna og Kongleriket

Julehistoria

Konglesongen

Musepatruljen

Tvillingparet frå Afrika