Kundesenteret vårt når du på:

57 82 97 00

Måndag - fredag 08:00 - 20:00
(sperreteneste for kort og BankID er døgnopen og har same telefonnummer)

Mistenker du at du har blitt svindla?

Ring oss på 57 82 97 00 så fort som mogleg!
Du kan også ringe i helger og utanom våre vanlege opningstider. Vi skal prøve så godt vi kan å stoppe svindelen. Jo fortare du ringer, jo raskare kan vi kome i gang.
Les meir om korleis du kan unngå å bli svindla

Ting folk lurer på

Avtal møte med rådgjevar

No kan du sjølv sjå når kunderådgjevaren din har ledig tid, samanlikne med din eigen kalender og bestille rådgjeving.
Her viser vi deg korleis du enkelt kan bestille rådgjeving, enten du har eigen rådgjevar eller vil snakke med første ledige.
Du vel sjølv om du ønsker telefon-, video- eller fysisk møte.
Hjelp til å bestille rådgjeving

Vil du prate med ein eigedomsmeklar?

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er den leiande meklaren i Sogn og Fjordane, og har filialar i Førde, Florø. Sogndal, Nordfjordeid, Stryn og Bergen. Ta gjerne kontakt med ein av meklarane dersom du skal selje eller kjøpe bustad.
Finn ein meklar nær deg

Sett inn og ta ut pengar i daglegvarebutikk

Kontanttenesta er tilgjengeleg i Meny- og Kiwi-butikkar, samt dei fleste Spar- og Joker-butikkane.
Sjå etter informasjonsskilt i butikken. Kassane med denne tenesta skal vere merka. Identifiser deg med bankkort og kode, og pengane blir tatt ut eller sett inn på kontoen kortet ditt er knytt til. Du treng ikkje handle for å bruke tenesta.

Kan brukast av privatpersonar, bedrifter, lag og organisasjonar.
Sjå aktuelle butikkar på bankaxept.no