Elisabeth Yvonne Sætren

kunderådgjevar privat

Elisabeth er frå Førde og bur no i Sogndal. Ho har økonomiutdanning frå BI i Bergen, og har også årsstudium i geografi. Ho jobba hos oss i 2008, og kom tilbake til oss i år. Tidlegare har ho også jobba i opplæringsavdelinga i fylkeskommunen. 
Elisabeth er tolmodig og lyttande og set kunden i fokus. Det er viktig for ho å tilby kundane produkta som dei treng ut i frå livssituasjonen dei er i. Ho er opptatt av at kundane sit att med eit godt inntrykk etter eit møte med henne, og at ho tar i mot kundane på ein positiv og god måte.