Ester Anny Skrede

kunderådgjevar privat

Ester er frå Markane og har jobba hos oss i over 47 år. Då ho begynte i Stryn Sparebank i 1973, var planen berre å jobbe der inntil vidare, men så gjekk åra og ho trivst framleis. Ho har heile vegen kursa seg og fylt på med ny kompetanse for å følgje utviklinga som har skjedd i bankbransjen.

Ester er opptatt av å sjå heilskapen når ho snakkar med kundane, og avdekke kva behov den enkelte faktisk har. Ho veit at mange kundar set pris på å ha ein eigen kunderådgjevar, og ho trur det har stor verdi for kundane å vere tilgjengeleg for ein prat der ein kan diskutere og finne gode løysingar som er tilpassa den situasjonen som kunden står i.