Hege Mork Kveum

kunderådgjevar privat

Hege er frå Lom kommune, og har budd i Stryn sidan 2013. Då begynte ho som sommarvikar hos oss medan ho studerte til bachelorgrad i økonomi og administrasjon. Etter studiet fekk ho fast jobb som kunderådgjevar ved kontoret vårt i Stryn.
For Hege går mykje av jobben som rådgjevar ut på å hjelpe kundane med å realisere husdraumen, eller å finne andre tilpassa løysingar. Ho trur det er positivt å ha ein fast rådgjevar som kan tilby direkte kontakt, og bli litt kjent med kundane sine.