Ina Matre Nedberge

forsikringsrådgjevar privat

Ina er fødd og oppvaksen i Førde. Ho begynte som forsikringsrådgjevar på kontoret vårt i Førde i 2018, men har jobba med forsikring sidan 2014.
For Ina er det kunden som gjer jobben som rådgjevar kjekk og spennande. Ho forstår at forsikring kan vere både kjedeleg og komplisert. Derfor er det viktig for ho å gjere det enkelt for kunden, og å finne gode og tilpassa løysingar for kvar enkelt kunde. Ho trur det er positivt å ha ein fast forsikringsrådgjevar som tilbyr direkte kontakt og som kjenner kundane sine godt.