Mari Haugsbø

kunderådgjevar privat

Mari har ein bachelor i økonomi og administrasjon frå BI i Bergen. Ho er frå Dale og starta i Sparebanken Sogn og Fjordane avdeling Bergen etter studie i 2012. Dei fire siste åra har ho jobba på kontoret vårt i Dale.
Jobben som kunderådgjevar er variert og ingen av sakene er like, dette er noko av grunnen til at Mari trivast godt i jobben. Bransjen endrar seg fort og dette krev at ein stadig lærer nye ting. Når ein jobbar som kunderådgjevar er gjensidig tillit viktig, difor forsøker Mari alltid å møte forventningane kundane har til ho.