Torunn Steimler

Banksjef privatmarknad Bergen
Torunn er født og oppvaksen på Laksevåg i Bergen. Ho begynte i banken i 2002, og har jobba både som investeringsrådgjevar og breidderådgjevar, før ho blei banksjef i Bergen i 2014. Ho har ein bachelor i marknadskommunikasjon, og har seinare fylt på med vidareutdanning innan økonomi og leiarutdanning ved BI i Bergen.
Ho likar å jobbe med menneske, og i leiarjobben får ho kombinere det å jobbe med kundar, og leie og motivere dei tilsette. Som leiar synast ho det er spennande å skape resultat gjennom andre ved å sjå heile mennesket og jobbe for samhald og kontinuerleg utvikling.