Har du eit større beløp du ønsker å binde over ein bestemt periode? Då kan fastrenteinnskot passe deg. Med fastrenteinnskot bind du pengane og renta i ein bestemt periode - 6 månader, 1 år eller 2 år. Renta i bindingstida blir ikkje påverka sjølv om renta i marknaden blir endra. 
  • Minimum innskot er 50 000 kroner og maksimalt innskot er fire millionar kroner.
  • Ved uttak før avtalt tid blir det rekna 2 % gebyr av uttaksbeløpet for den attståande løpetida.
  • Tilbodet kan bli endra på kort varsel.

0.65%

med 1 års binding
1
Du inngår ei avtale med banken om å binde pengane i ei bestemt periode.
2
Når avtala er i boks, set du inn avtalt beløp på ein eigen sparekonto i banken.
3
Du bind pengane vanlegvis for 6 månader, 1 år eller 2 år av gongen.
4
Du får avtalt rente på innskotet uansett kva som skjer i marknaden.
5
Rentene på innskotet blir utbetalt ein gong i året.

Ting folk lurer på