Har du planlagt ein ferietur, har lyst på ny sykkel, eller har ein konfirmant neste vår? Lag deg eit sparemål i mobilbanken eller nettbanken med ein eller fleire sparemetodar, og sparinga blir leikande lett! Du får ein konto som er øyremerka til sparemålet ditt.
Slik set du opp sparemålet ditt:
- Logg deg på mobilbanken eller nettbanken.
- Trykk på «Meny» –> «Sparing» –> «Banksparing».
- Her trykker du på «Opprett ny avtale» og deretter «legg til ny» under «Sparemål».
- Lag deg eit passande namn på sparemålet. Fyll inn beløp og trykk «neste».
- Når du her vel månadleg beløp vil du automatisk få opp den månaden du seinast vil vere i mål med sparinga. Vel også overføringskonto og overføringsdato.
- Vel om du vil opprette småsparig kvar gong du betalar med VISA-kortet ditt.
- Sjekk ut avtalen din og opprett sparemålet. No vil sparemålet vere tilgjengeleg på framsida i mobilbanken og nettbanken din.
God sparing!