Visa Ungdomskort, også kalla Visa Debet, er kortet for dei mellom 13-18 år. Ungdommen kan bruke kortet til å betale i butikk, handle på nett og på Vipps. Kortet kan også aktiverast i Apple eller Google Pay. For å få full oversikt over bruk av bankkortet, anbefaler vi at ein har mobilbank eller nettbank.
Korleis bestille Ungdomskort?
Du kan kjapt og enkelt bestille bankkort til ungdommen din. Vi lagar avtalar og sender desse for elektronisk signering, slik at de som foreldre kan signere med BankID. Når avtalane er signert sender vi kortet og PIN-koden i posten.
Perfekt for ungdom mellom 13 og 18 år.
Høgare beløpsgrense enn med barnekortet, som framleis kan endrast av deg som forelder.
Enkelt å sjekke saldo i mobilbank, nettbank og minibank.
Kortet kan brukast til Vipps, i utlandet og på nett. Det kan også nyttast ved mobilbetaling.