– Kundane skal kjenne seg trygge

Kunderådgjevar Silje Nistad Alræk er oppteken av å finne løysingar og strekker seg langt for å hjelpe kundane sine.
– Det som motiverer meg mest er å hjelpe kundane når dei treng meg. Det er noko av det kjekkaste eg veit, seier ho.

Kunnskap og tryggleik er nøkkelen

34 år gamle Silje Nistad Alræk har elleve års fartstid innan bankbransjen. Etter å ha jobba i Bergen og Førde, landa ho til slutt i heimbyen Florø, der ho begynte som kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane i juni.
I jobben sørger ho for at kundane blir møtt på ein god måte.
– Privatøkonomi består av mykje forskjellig og kan vere vanskeleg å forstå seg på. For meg er det derfor viktig at kundane forstår og kjenner seg trygge gjennom heile prosessen, om det gjeld val av sparing eller kjøp av bustad, seier ho.
I tillegg til å vere tobarnsmor - tre om du tel hunden Chico – har Silje blitt biten av treningsbasillen, og brukar det meste av eigentida på treningssenteret, spesielt på styrkerommet.

– Skal vere ei kjekk oppleving

Som det nyaste tilskotet på Florø-kontoret synest Silje det er spesielt kjekt å hjelpe dei som skal kjøpe sin aller første bustad.

– Å kjøpe sin første bustad kan vere overveldande og skummelt. Å nå ein så stor milepæl skal vere ei kjekk og positiv oppleving - også i møte med banken. Eg har sjølv vore ein nervøs førstegongsskjøpar og veit kva tankar som går gjennom hovudet og kor nervøs ein kan vere. Den kjensla eg hadde den gongen hugsar eg godt. Eg passar derfor på at eg møter kundane mine på ein måte som tryggar dei og sikrar at dei kjenner seg vel i prosessen.

Tilgjengeleg og fleksibel

I ein kjøpsprosess er det mykje som skal klaffe på kort tid. Skulle det plutseleg mangle ein signatur ein stad, er det godt å ha ein kunderådgjevar å kontakte.
– Eg svarar uansett om det er via telefon, e-post eller SMS. Det viktige er at kundane får tak i meg!
Ved fleire høve har Silje også sett seg i bilen og køyrt heim til dei for å hjelpe kundar, fortel ho.
– Ein fredag oppdaga vi at det mangla ein signatur på eit bustadlån som måtte sendast før måndag. Paret det gjaldt var begge vekke og kunne ikkje kome innom kontoret. Då køyrde eg heim til dei og la papira i postkassa, slik at dei kunne signere i løpet av helga. Måndag morgon var dei sendt.
– Det gjeld å tenke løysingar, tenker i alle fall eg!

Vil du avtale eit møte med Silje?

Silje Nistad Alræk

Florø, Måløykunderådgjevar privat473 47 409silje.alrek@ssf.no