Er du ikkje fornøgd med informasjon vi har gitt deg, ellerer du misnøgd med ei teneste vi har utført for deg? Då må du kontakte oss så snart som mogleg og fortelje oss kva du ikkje er fornøgd med.
Vi behandlar klager som handlar om kundeforhold fortløpande. Normalt vil vi kunne gi deg eit svar innan tre arbeidsdagar.
For å kunne behandle ein reklamasjon eller klage, treng vi at du skriftleg gjer greie for kva du ikkje er fornøgd med. Bruk kontaktskjemaet under, eller send eit brev til Sparebanken Sogn og Fjordane, Langebruvegen 12, 6800 Førde.
Vi gjer det vi kan for å danne oss eit heilskapleg bilde av klaga. Dersom vi treng meir tid enn 14 dagar for å behandle klaga, får du ei skriftleg tilbakemelding om vidare saksgang. Dersom vi ikkje er einige vil du få ei forklaring, saman med informasjon om at du kan ta saka vidare til Finansklagenemnda.
Les meir om Finansklagenemnda her.
Send tilbakemeldinga di her