Alle bankar er pålagt å ha gyldig legitimasjon på kundane sine. For mindreårige gjeld kravet når den mindreårige skal få disposisjonsrett til produkt eller tenester (som regel brukskonto og kort).
Kva gjeld som gyldig legitimasjon?
Vi aksepterer pass med RFID, Norsk nasjonalt identitetskort og fødselsattest som gyldig legitimasjon for mindreårige.
Kva må de gjere?
Dersom de har eit Sparebanken Sogn og Fjordane-kontor i nærleiken, kjem de innom eit av kontora med gyldig legitimasjon. Dersom det er vanskeleg for dykk å kome innom innanfor opningstida vår, tek du kontakt med kunderådgjevaren din og avtalar eit tidspunkt som passar.