Alle bankar er pålagt å ha gyldig legitimasjonsdokument på kundane sine. Dersom du skal bli kunde eller må legitimere deg på nytt, må du møte på eit av bankkontora våre for å vise fram og få stadfesta legitimasjonen din.
Norsk nasjonalt ID-kort
Norsk nasjonalt ID-kort kan brukast når du skal legitimere deg, og er godkjent som legitimasjon for å få BankID. Dersom du ønsker å legitimere deg med norsk nasjonalt ID-kort, må du møte på eit av bankkontora våre for å vise fram og få stadfesta legitimasjonen din.
Det er førebels berre norske statsborgarar som kan søke om ID-kort, og det er berre politiet som kan skrive ut kortet. For å få ID-kort må du bestille time hos politiet.
Legitimasjonskrav for barn
Når mindreårige skal få bankprodukt må dei legitemerast. Vi aksepterer pass med RFID, Norsk nasjonalt identitetskort og fødselsattets som gyldig legitimasjon for mindreårige.
UNNTAK: Skal barnet ditt ha BankID, er det berre pass som er gyldig legitimasjon.
Kom innom eit av kontora våre med gyldig legitimasjon. Dersom det er vanskeleg for dykk å kome innom i opningstida vår, tek du kontakt med kunderådgjevaren din og avtalar eit tidspunkt som passar.
Kom innom eit av kontora våre med gyldig legitimasjon. Dersom det er vanskeleg for dykk å kome innom i opningstida vår, tek du kontakt med kunderådgjevaren din og avtalar eit tidspunkt som passar.
Legitimering med BankID frå annan bank
Er du over 18 år og har BankID frå annan bank? Då kan du registrere deg med BankID som legitimasjon i våre system.
- Her vel du alternativet "Bli kunde- nettbank".
- Logg deg inn med din BankID frå annan bank og følg dei neste stega i løypa.
- Du vil bli bedt om å bekrefte kontaktopplysningar og formålet med ditt kundeforhold i banken vår.
Manglande legitimasjon og sperra kundeforhold
Kundeforhold kan bli sperra eller avslutta som følgje av manglande legitimasjon. Dersom du får kundeforholdet ditt sperra, kan det enkelt opnast igjen når du har legitimert deg. Dersom kundeforholdet ditt vert avslutta kan det opnast igjen mot eit gebyr, sjå prisliste. Ta kontakt med kundesenteret, så får du hjelp til å legitimere deg på en effektiv måte.