VIKTIG UTSTILLING: Her får Wenche Nesje og Kenneth Mangersnes i Jostedalsbreen Nasjonalparksenter 700 000 kroner til den nye skred- og klimautstillinga deira. Til høgre er Ørjan Skåden i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Publisert 24. november 2022

– Målet vårt er at besøkande skal bli tryggare i naturen

Med ei gåve på 700 000 kroner er finansieringa i boks. Snart vil Jostedalsbreen Nasjonalparksenter tilby ei simulert skredoppleving til dei besøkande.
– Skred og klima er høgst aktuelt, og det har det vore i fleire århundre. Med dei klimaendringane vi står midt opp i, så blir det også berre meir og meir aktuelt, seier Wenche Nesje.
Ho er dagleg leiar i Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn, senteret som har eit veldig spennande prosjekt på gang om nettopp dette temaet. Nemleg ei skred- og klimautstilling.
– Vi ønsker å formidle om skred og klima til unge og barnefamiliar. Det er det behov for. Med denne utstillinga blir vi det første opplevingssenteret som under same taket har om både skred og klima, seier Nesje.


–Ein innertiar

Den kommande utstillinga er delt inn i to prosjektfasar, og no er dei i mål med finansieringa til fase éin. Her skal dei lage eit utstillingsrom inne på senteret der dei besøkande kan få oppleve det dei kallar for ein simulert snøskredoppleving.
Til dette er dei tildelt ei gåve på 700 000 kroner. Denne gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
– Dette kjem til å bli ei viktig utstilling om korleis skred og ekstremvêr påverkar oss meir og meir. Og når dei klarer å kople det opp mot opplæring av barn og ungdom spesielt, så er det ein innertiar. Eit viktig prosjekt som er veldig kjekt å vere med og støtte, seier Ørjan Skåden, Sparebanken Sogn og Fjordane sin banksjef på bedriftsmarknad i Nordfjord.
Det var han som fekk æra av å dele ut gåva til nasjonalparksenteret.
– Denne gåva set vi uendeleg stor pris på, og den gjer at fase éin no er fullfinansiert. At andre også ser verdien av nasjonalparksenteret, og er med og utviklar det i ei retning som er strategisk riktig å gå, set vi stor pris på, seier Nesje.
Prosjektet har også fått støtte frå Vestland fylkeskommune, Stryn kommune, Miljødirektoratet og Innovasjon Norge.
(Artikkelen held fram under.)
KLARE: – Denne gåva set vi uendeleg stor pris på, og den gjer at fase éin no er fullfinansiert, seier Wenche Nesje.


Opnar i 2024

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter er ope for besøkande i perioden 1. mai til 30. september. Til 2023-sesongen håpar dei å ha på plass sjølve rommet utstillinga skal vere i, med nokre frampeik om kva som skal komme der. Sjølve utstillinga vil vere klar til opning 1. mai 2024.
– Vi er allereie straks i desember, så 2023 kjem fort. Vi vil at kvaliteten skal vere god, så då har vi sikta oss inn mot 1. mai 2024, forklarer Nesje og held fram:
– Målet vårt er å skape ein portal til trygg ferdsel i naturen for lokale, nasjonale og internasjonale gjestar.
– Ja, det handlar om å bevisstgjere folk. For eksempel for dei som går på topptur, som det blir fleire og fleire av. Kor det er trygt å gå opp og kor det er trygt å gå ned, det er noko av det denne utstillinga skal handle om, seier Kenneth Mangersnes, naturrettleiar hos Jostedalsbreen Nasjonalparksenter.
Når fase éin er i boks, så står fase to for tur. Den skal handle meir om klimautfordringane og korleis den påverkar ulike typar skred.

Kristian Helle

kommunikasjonsrådgjevar476 28 251kristian.helle@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Krisesenteret får ein halv million i gåve

– Dette er eit svært viktig tilbod for alle barna som kjem innom her, seier Anja Korneliussen.

Les heile saka
Krisesenteret får ein halv million i gåve27. mars 2024
– Her vart eg skikkeleg rundlurt!27. mars 2024
– Vi er alltid i beredskap25. mars 2024
Økonomivettreglar22. mars 2024