STUDIESENTER: Prosjektet skal danne fem nye studiehubbar langs kysten.
Publisert 1. juni 2023

2,5 millionar kroner til nytt studiesenter på kysten

Prosjektet Studiesenter Kysten er eit samarbeid mellom seks kommunar med mål om å etablere eit desentralisert studiesenter på kysten. No har dei fått 2,5 millionar kroner til satsinga.
– Pengane betyr at vi kan tilføre etterlengta kompetanse til distrikta, seier ein glad prosjektleiar, Reidar Grønli.
Studiesenteret skal nemleg bidra til å tilføre etterlengta kompetanse til næringslivet og auke attraktiviteten og bu-lysta i distrikta.

Stort samarbeid

Torsdag 1. juni deltok administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene og direktør for bedriftsmarknad, Roy Stian Farsund på Aksello sitt frukostmøte i Florø. Der overraska dei med ei gåve på 2,5 millionar.
Pengane er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
– Dette er ei viktig satsing for Sogn og Fjordane, og vil kunne auke aktivitet og rekruttering til kommunane. Det er veldig kjekt å kunne støtte dette prosjektet, seier Teigene.
Det var Aksello og Måløy Vekst som sparka i gang satsinga, etter dei undersøkte gode løysingar for ein desentralisert utdanning langs kysten. Dette førte til eit interkommunalt samarbeid mellom Høyanger, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Kinn og Solund.
I tillegg til midlane frå Sparebankstiftinga, fekk dei òg støtte frå direktoratet for høgare utdanning. Prosjektet er no nært å bli fullfinansiert, og skal ha oppstartmøte 14. juni. Deretter vil dei gå i gang med tilsettinga av fem tilsette som skal serve studiehubane i kommunane, forklarar Grønli.

Skal skape aktivitet for unge lovande

Teigene og Farsund hadde med seg endå ein sjekk til kystbyen. Flora U40 skal skape aktivitet og nettverksmoglegheiter for unge i næringslivet i Flora og omegn. Dei fekk 100 000 kroner til dette.
I Sogn og Fjordane finst det to slike nettverk som dukka opp i 2021 og 2022, Sogn U40 og Sunnfjord U40, som banken òg har vore med å støtte.

Sunniva Knutsen

kommunikasjonsrådgjevar908 15 045sunniva.knutsen@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Her forstod ikkje Ylinn noko som helst

Fotballspelaren Ylinn Tennebø trudde ho skulle ha ei roleg frihelg heime. I staden blei ho overraska då Sissel Vik kom på døra med 50 000 kroner i Furorestipend.

Les heile saka
Her forstod ikkje Ylinn noko som helst25. september 2023
Furorestipend til hjerneforskar25. september 2023
No er Vidsyn fullfinansiert22. september 2023
Motivasjonsforedrag med Olaf Tufte20. september 2023