Får 500 000 kroner som skal få endå fleire ut på tur



DEL AV KAKA: Sogn og Fjordane Turlag har for første gong motteke ei rammegåve frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. No får fleire prosjekt ein «bit av kaka». Frå venstre: Styreleiar Siv Merete Stadheim, organisasjonssekretær Hanne Bruaas, Pål Fidjestøl og Sissel Vedvik. Foto: Sunniva Knutsen
07. juli 2022 – Sunniva Knutsen

Sogn og Fjordane Turlag har i ei årrekke lokka folk ut i naturen i heile regionen. Med 500 000 kroner ekstra i sekken vil dei no skape endå meir aktivitet for endå fleire.
– Dette er eit kjempeviktig bidrag til all aktiviteten som er i alle dei 14 lokallaga i Sogn og Fjordane Turlag. Dette utløyser veldig mange nye aktivitetar som vi har drøymt om å sette i verk, seier styreleiar Siv Merete Stadheim.
Gjer naturen tilgjengeleg for alle
Indre Sunnfjord Turlag fekk sin del av potten, nemleg 10 000 kroner. Dei skal bruke pengane på å gjere naturen lettare tilgjengeleg for alle, fortel organisasjonsarbeider Marie Sørum.
– Prosjektet friluftsliv tilrettelagt for utviklingshemma (FTU) handlar om å legge til rette for rørsle- og utviklingshemma personar, slik at dei også får nytte seg av naturen, fortel ho.
Prosjektet har vore ein suksess i Indre Sogn Turlag, og vil bli sett i gang i Sunnfjord i løpet av hausten.
Bre og fjellsportgruppa fekk også sin del av potten. Med 10 000 kroner skal dei stelle i stand eit arrangement på seinhausten, forklarar leiar Sissel Vedvik.
– Konseptet er ikkje heilt landa, men vi vil invitere fjell- og friluftsinteresserte ein kveld der dei kan møte likesinna og knytte realsjonar, eller og utveksle kunnskap og erfaringar.


MEIR AKTIVITET: Gåva på 500 000 kroner vil bli fordelt på fleire prosjekt. Mellom anna til å få legge til rette for turar og aktivitetar i naturen for personar med rørsle- eller utviklingshemming.

Éin pott – mange mottakarar
Nyleg møttest Vedvik, Sørum og Stadheim med fleire frå turlaget i Førde for å ta imot gåva. Pengane er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
Pengane var gitt som ei rammegåve, der turlaget sjølv fordeler summen dei på lokallaga som har søkt om pengar til ulike prosjekt. Dette er første gongen Sogn og Fjordane Turlag tar imot denne typen gåve, og så langt synest Stadheim det har vore veldig positivt.
– Søknadsprosessen har blitt enklare for lokallaga. Dei slepp å skrive individuelle søknader til Sparebankstiftinga, og kan sende ein forenkla søknad internt. Då er terskelen lågare for å søke, og vegen frå ide til aktivitet blir kortare, seier ho.
– Positivt
Pål Fidjestøl, fagsjef gåver og prosjektutvikling i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, er samd med Stadheim.
– Å gjere det på denne måten er positivt. Det gjer det enklare for lokallaga å søke om midlar, og som ho seier blir det kortare prosess frå søknad til aktivitet. Vi har denne ordninga med fleire andre, og det føreset at vi har tillit til at dei forvaltar pengane på ein god måte. Det har vi aller høgste grad til turlaget, seier han.

Siste frå meirennbank.no

Klart for jul på barneavdelinga

Det var gåvedryss då store delar av næringslivet i Sunnfjord var samla til frukostmøte i banken i Førde. Totalt 580 000 kroner vart delt ut.

Les heile saka
Klart for jul på barneavdelinga 1. desember 2022
Desse elevane dyrkar sine eigne grønsaker29. november 2022
Vil rekruttere fleire som Kristin25. november 2022
– Målet vårt er at besøkande skal bli tryggare i naturen24. november 2022