Derfor bør du ha ein Aksjesparekonto

Ønskjer du å ha fleksibilitet i privatøkonomien mens du sparar, er sparing i aksjefond eit godt alternativ.
Sparebanken Sogn og Fjordane tilbyr ei todelt løysing, som gjer at du som kunde kan få ein Aksjesparekonto (ASK) for fond og ein for aksjar. Med ein aksjesparekonto (ASK) får du samla alle aksjefond og aksjar, noko som gjer det meir gunstig og oversiktleg å spare i desse. Du disponerer pengane heilt fritt i spareperioden og spareavtala teiknar du sjølv. For dei aller fleste er månadleg spareavtale det beste. Då slepp du å tenke noko på sjølve sparinga, og det blir enklare å budsjettere inn med resten av inntektene og utgiftene dine. På ein fast dato i kvar månad kjøper du andelar for eit fast beløp, og i periodar med fallande kursar får du fleire andelar for same sparebeløp – dette drar du nytte av når kursane stig igjen.
Derfor bør du ha ein ASK:
- Kontoen er gratis, og du får full oversikt i vår nett- og mobilbank
- Du kan kjøpe, selje eller bytte aksjar og aksjefond utan at det utløyser skatt undervegs
- Det er ingen bindingstid
- Du får samla alle aksjefonda på éin plass
- Du kan ta ut det du har sett inn på konto når det passar deg – skattefritt!
- Du betaler først skatt når du tar ut gevinst
Slik kjem du i gang med ASK
Logg deg på i nettbanken og bestill ny Aksjesparekonto for aksjar i menyen til høgre, ved å klikke på knappen VPS Investortjenester.
Siste frå meirennbank.no

Her forstod ikkje Ylinn noko som helst
Fotballspelaren Ylinn Tennebø trudde ho skulle ha ei roleg frihelg heime. I staden blei ho overraska då Sissel Vik kom på døra med 50 000 kroner i Furorestipend.
Her forstod ikkje Ylinn noko som helst25. september 2023
Furorestipend til hjerneforskar25. september 2023
No er Vidsyn fullfinansiert22. september 2023
Motivasjonsforedrag med Olaf Tufte20. september 2023