UVENTA: Konkursen til Silicon Valley Bank i USA har ført til usikkerheit i den internasjonale marknaden, og vi såg nesten ein liknande konkurs i Sveits. Leiar for finans, Arne Sæterbakken, forklarar urolegheitene.
Publisert 20. mars 2023

Banktrøbbelet i USA og Sveits – kva skjer og kvifor skjer det?

Arne Sæterbakken, leiar for finans i Sparebanken Sogn og Fjordane, forklarar uroa som har vore i den internasjonale bankmarknaden dei siste vekene.
For litt over éi veke sidan gjekk den mellomstore amerikanske banken Silicon Valley Bank konkurs. Konkursen kom uventa og brått som følge av at banken mista innskot og ikkje greidde å skaffe seg likviditet raskt nok.
– Resultatet var at finansmarknaden vart tatt på senga av hendinga og det spreidde seg usikkerheit i den amerikanske banksektoren. Amerikanske styremakter gjorde straks grep og tok kontroll over usikkerheita som spreidde seg gjennom å garantere for alle innskot og likviditet framover for amerikanske bankar, fortel Sæterbakken.

Spreidde usikkerheit til Sveits

Konkursen gjorde at fleire internasjonale bankar vart sett under søkelyset frå styresmakter, tilsyn, kundar og investorar i frykt for at noko tilsvarande kunne skje igjen.
– Dette søkelyset gjekk hardast utover Credit Suisse, ein stor sveitsisk bank. Den sveitsiske sentralbanken reagerte straks gjennom å gje støtte til banken og uroligheitene roa seg raskt. Søndag vart det kjent at storbanken UBS kjøper Credit Suisse, fortel Sæterbakken.

Brått og uventa

Sæterbakken forklarar at uroa vi har opplevd den siste tida bygger på frykt og usikkerheit. Media har åtvara om at vi går inn i tøffare tider, men dei siste økonomiske og finansielle dataa har vist at internasjonal økonomi likevel er stabil.
– Derfor kom konkursen ekstra brått og uventa, og det spreidde seg ei frykt om kva som skulle skje no, kven den neste banken ville vere og kva dette ville bety for næringslivet. Amerikanske styresmakter handla heldigvis raskt, og fekk dempa uroa, seier Sæterbakken.

– Norske bankar står godt i krisetider

Både Sæterbakken og andre tilsette i banken får spørsmål om dei internasjonale hendingane kan forplante seg til Norge. Det trur han ikkje.
– Banknæringa i Norge er som alle andre næringar avhengig av tillit frå kundane våre og interessentane våre. Vi må òg hugse på at norske bankar er strengare regulert enn store amerikanske bankar. Dette inneber krav til sikkerheit for kundane i form av tilstrekkeleg eigenkapital, langsiktig finansiering og likviditetsreservar, seier Sæterbakken og held fram:
– I tillegg har norske bankar god og effektiv drift og har vist at dei står godt i krisetider, som for eksempel finans- og koronakrisa. Slik det ser ut no, er det derfor lite sannsynleg at uroa dei siste vekene vil få stor effekt på norske bankar, avsluttar Sæterbakken.

Johanne Viken Sandnes

Leiingkommunikasjonsdirektør959 21 208johanne.sandnes@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Krisesenteret får ein halv million i gåve

– Dette er eit svært viktig tilbod for alle barna som kjem innom her, seier Anja Korneliussen.

Les heile saka
Krisesenteret får ein halv million i gåve27. mars 2024
– Her vart eg skikkeleg rundlurt!27. mars 2024
– Vi er alltid i beredskap25. mars 2024
Økonomivettreglar22. mars 2024