Publisert 4. september 2023

Bli med på inspirasjonskveld

Få med deg inspirasjonskveld med tidlegare fotballspelar Dagfinn Enerly. Han fortel om vegen tilbake etter den dramatiske ulykka i 2005 der han kolliderte med ein medspelar på bana og brakk nakken. Kona, Mona Enerly, har ei sentral rolle i forteljinga om prosessen familien har stått i, og framleis står i.
Etter ni månaders rehabilitering kom Enerly heim til familien i august 2006. Han er avhengig av rullestol, men har ikkje gitt opp håpet om å kunne gå igjen.
Med kjærleik, vennskap og respekt, samt ein god dose humor, fortel Dagfinn og Mona om korleis ein kan snu ein negativ tankegang til godt mot og positivitet. Dei fortel om kvardagsopplevingar som får ny betydning, og deler refleksjonar om eige liv, og tankar om familie og venner si rolle i rehabiliteringa.
Enerly har sidan ulykka skrive bøkene “Så fort kan livet snu” (2005) og “Veien tilbake” (2014).
Ope og ærleg gir han oss eit innblikk i livet sitt og viser at mykje av det vi reknar som sjølvsagt, slett ikkje er det. Han og Mona fortel om kvardagen – og ikkje minst om framgang og sigrar. Og om draumen om å ein dag kunne spele fotball igjen.

Om Arrangementet:

Stad: FLORA SAMFUNNSHUS
Dag:25. sep. 2023
Tid:16:00
Påmeldingsfrist:23. sep. 2023 21:59

Om Arrangementet:

Stad: SAMFUNNSHALLEN MÅLØY
Dag:26. sep. 2023
Tid:16:00
Påmeldingsfrist:24. sep. 2023 21:59

Siste frå meirennbank.no

Her forstod ikkje Ylinn noko som helst

Fotballspelaren Ylinn Tennebø trudde ho skulle ha ei roleg frihelg heime. I staden blei ho overraska då Sissel Vik kom på døra med 50 000 kroner i Furorestipend.

Les heile saka
Her forstod ikkje Ylinn noko som helst25. september 2023
Furorestipend til hjerneforskar25. september 2023
No er Vidsyn fullfinansiert22. september 2023
Motivasjonsforedrag med Olaf Tufte20. september 2023