– Dette betyr svært mykje for oss!



PROSJEKT PÅ GANG: Taket på Svelgen Samfunshus skal utbetrast, og til denne jobben får dei 300 000 kroner. – Denne gåva betyr svært mykje, seier Bjørg H. Didriksen (t.h.), som her får gåva av Rose-Lene Eikeset.
29. juli 2022 – Kristian Helle

14 forsamlingshus i Sogn og Fjordane har fått pengar i gåve. Blant desse er Svelgen Samfunnshus, som er eit viktig samlingspunkt i bygda.
Sjå alle tildelingane nedst i artikkelen.
– Denne gåva betyr svært mykje for oss! Den gjev oss tryggleik når vi no skal til med eit større vedlikehaldsarbeid på taket. Dette er ein stor kostnad, og ei slik gåve har derfor stor betydning, seier Bjørg H. Didriksen, dagleg leiar i Svelgen Samfunnshus.
Samfunnshuset i Svelgen og 13 andre tilsvarande hus i Sogn og Fjordane har nyleg fått gåver gjennom organisasjonen Huset i Bygda. Desse pengane har Huset i Bygda fått frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som deler ut gåver frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
– Ein samlingsplass som er viktig å ta vare på
300 000 kroner er summen som har tikka inn på Svelgen Samfunnshus sin konto. Det synlege beviset vart overlevert av Rose-Lene Eikeset, kunderådgjevar hos Sparebanken Sogn og Fjordane i Bremanger.
– På samfunnhuset her i Svelgen er det mykje aktivitet, og det er eit viktig samlingspunkt i bygda. Både arrangement og arbeidet som vert gjort her er rein dugnad, og då er det veldig kjekt å bidra med denne gåva, seier Eikeset.
I Svelgen har det vore mange oppgraderingar siste åra, og no er det som nemnd taket som skal utbetrast. Deretter er det storsalen sin tur, som vil vere med å gje bygget og alle som brukar det eit løft.
– Aktiviteten her er bra og det er folk i mange ulike aldersgrupper. Vi leiger blant anna ut til selskap for privatpersonar, og til bedrifter og kommunen som brukar det til konferansar og slike ting. I tillegg har vi kino og arrangerer bingo, forklarer Didriksen.
Samarbeid sidan 2016
Christoffer Knagenhjelm i Huset i Bygda er glad for at Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane nok ein gong har gitt dei ein pott som dei kan fordele vidare. I 2016 såg ordninga dagens lys, og sidan den gong har bankoverskotet vore med på å støtte over 100 små og store prosjekt som er knytt til renovering og utvikling av kulturhus i Sogn og Fjordane.
Tildelingssummen har også auka. I 2021 var det 800 000 kroner som vart fordelt, men legg ein saman summane som dei 14 husa har fått i år så får ein om lag 1,5 millionar kroner.
– Det har vore ein jamn auke i talet søknadar sidan tilskotsordninga vart etablert. I Sogn og Fjordane er det i underkant 400 organisasjonseigde kultur, og den store søknadsmengda viser at det er eit stort behov både for økonomisk støtte og rådgjevingshjelp, seier Knagenhjelm.
– Samstundes viser søknadsmengda at vi treff målgruppa og at vi har klart å lage ein mal som ikkje gjer søknadsskrivinga for komplisert, legg han til.
– Positive signal for framtida
Tilbake i Svelgen ser dei fram til at dei no kan ta tak i arbeidet som skal gjerast framover.
– Samfunnshuset har stor betydning for bygda. Det er ein samlingsplass som er viktig å ta vare på. Dei som brukar bygget gjev også uttrykk for at dei set pris på oppgraderingane som er blitt gjort, og det kjekt å ta med seg slike tilbakemeldingar.
Noko anna som også er kjekt er at det no er yngre krefter på veg inn i styret til samfunnshuset.
– Det er svært positivt! Det er positive signal for framtida.
Sjå meir om Huset i Bygda på nettsida deira. (https://www.husetibygda.no/)
Her er alle som har fått tilskot:

  • Mottakar Prosjekt Sum
  • Stadlandet Grendahus Renovering av kjøkken 150 000
  • Skifjord Bedehus Grunnmur 60 000
  • Kjøde grendelag Oppgradering 200 000
  • Eimhjellen Grendahus Skifting av vindu 80 000
  • Feios Bedehusforening Vedlikehald 30 000
  • Førde ungdomslag Måle vindua i salen, toalett og gang innvendig, og måle scenefront og scenesider 22 850
  • Allaktivitetshuset Ny inngangsdør til Allaktivitetshuset 30 000
  • Fjelli Ungdomslag Utskifting av 6 sørvende vindauge i hovudetasjen 20 0000
  • Haugtun Forsamlingshus Skifte av vindauge 110 000
  • Fjærland Bygdahus Takopplett inngang 180 000
  • Vetlefjorden idrettslag Nytt kjøkken 60 000
  • Svelgen Samfunnshus Rehabilitering skifertaket 300 000
  • Gjesthalla Rehabilitering 150 000
  • Sudstranda Grendalag Skifte 2 stk. ytterdører 100 000
Totalt: 1 492 850 kroner

Siste frå meirennbank.no

Vårsjekken på hus og hytte

Etter ein lang vinter med kulde og nedbør vil ein grundig vårsjekk på hus og hytte bidra til å identifisere potensielle problem og førebygge skadar, noko som kan spare deg både tid og pengar på lang sikt.

Les heile saka
Vårsjekken på hus og hytte14. april 2024
Tre millionar kroner til Kunnskapsparken Vestland12. april 2024
Ny støtteordning til bedrifter9. april 2024
Desse gjer ein jobb som angår oss alle9. april 2024