NYTT TILBOD: Framover kan alle som vil få smurt skia sine før karusellrenna på Langeland.
Publisert 17. januar 2023

Tilbyr gratis smørjing av ski før alle karusellrenn

Førde IL Langrenn set i gang eit prosjekt for å få fleire barn med på karusellrenna på Langeland. Dei håpar også å få Skandinavisk Cup til Sunnfjord i 2025.
Førde IL Langrenn og Sparebanken Sogn og Fjordane har eit langt og godt samarbeid bak seg. No er samarbeidet forlenga med tre år og strekker seg ut 2025. I tillegg til sponsoravtalen får langrennsgruppa kvart år i perioden ei gåve på 100 000 kroner. Desse midlane skal vere med å finansiere to gode prosjekt som langrennsgruppa har på gang.
– Banken har i mange år vore ein svært viktig bidragsytar for oss, og vi er veldig glade for det vidare samarbeidet. Å ha med banken inn i desse prosjekta er uvurderleg for oss. Den daglege aktiviteten hadde vi nok klart å halde i gang, men det å jobbe med utvikling og sette i gang prosjekt, då er vi heilt avhengige av banken, seier Yngve Thorsen, styreleiar i Førde IL si langrennsgruppe.


– Eit svært viktig tiltak

Eit av prosjekta heiter «Bli med», og dette går ut på at alle som vil vere med på karusellrenn på Langeland framover kan få smurt skia sine gratis før rennet. Det er ikkje nødvendigvis alle som verken har kunnskapen eller utstyret som trengs til dette, og målet med prosjektet er å redusere kostnadane for deltaking og skape like føresetnader for alle.
– Vi skal kjøpe inn utstyr og rigge til eit opplegg der alle som er med på karusellrenn kan få smurt skia sine av oss viss dei vil. Det handlar om å redusere barrierane for deltaking, og dette er eit svært viktig tiltak for å få fleire til å gå på ski. Dette blir veldig spennande å komme i gang med, seier Thorsen om tilbodet som gjeld frå neste karusellrenn i februar.
I løpet av ein sesong arrangerer Førde IL Langrenn i lag med Gaular IL seks karusellrenn, og målet er 300 deltakande barn og unge i løpet av vinteren. Dei har også planar om å tilby smørjekurs.
– Dette er eit kjempeflott initiativ! Langrennsgruppa legg ned ein strålande innsats for barn og unge, og dette er berre eit av mange eksempel på det. Vi i banken er glade for at samarbeidet vårt er forlenga og gler oss til dei tre kommande åra, seier Lars Solnørdal, banksjef på privatmarknad i Sunnfjord.


Vil ha Skandinavisk Cup til Langeland

Dei har også fleire spennande ting på gang. Til hausten sender dei søknad om å få arrangere Skandinavisk Cup i langrenn på Langeland.
– Denne søknaden sender vi saman med Gaular IL. Alt vi gjer på Langeland i samband med arrangement gjer vi i lag med dei, så på arrangementsida er vi eit felles miljø. Det blir veldig spennande! Målet er at vi får arrangere Skandinavisk Cup i 2025, seier Thorsen.
I 2021 arrangerte dei Norgescup med stor suksess. Ja, så stor suksess at Førde IL og Gaular IL vart kåra til årets arrangør i 2021.
– Arrangementet deira i 2021 er ein fantastisk referanse i søknaden, så vi i banken heiar på at dette går i boks. Det vil i så fall vere ei ny fjær i hatten for alle dei dyktige folka i Førde og Gaular. I tillegg vil eit slikt arrangement gje gode ringverknader for overnatting, service og handel i Sunnfjord kommune. Vi ønsker masse lykke til med søknaden, seier Gunn Aase Moldestad, marknadssjef i Sparebanken Sogn og Fjordane.
SIGNERT: Sparebanken Sogn og Fjordane og Førde IL Langrenn har forlenga avtalen sin ut 2025. Frå venstre: Lars Solnørdal, Yngve Thorsen og Gunn Aase Moldestad.

Kristian Helle

kommunikasjonsrådgjevar476 28 251kristian.helle@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Barnas julegåve til andre barn

Barne- og ungdomsavdelinga på Førde Sentralsjukehus, Røde Kors matkasse og Julaftan for alle får alle 30 000 kroner i julegåve frå Sparebanken Sogn og Fjordane.

Les heile saka
Barnas julegåve til andre barn15. desember 2022
Dette betyr endringa i utlånsforskrifta 15. desember 2022
Førjulsjubel til U40-nettverka9. desember 2022
Klart for jul på barneavdelinga 1. desember 2022