JULEGÅVE: Både Sogn og Sunnfjord U40 vart denne veka overraska med julegåve frå banken.
Publisert 9. desember 2022

Førjulsjubel for U40-nettverka: – Vi sat med store auge

Sidan Sunnfjord U40 og Sogn U40 vart starta tidlegare i år har dei arrangert til saman 13 arrangement for unge menneske i næringslivet i Sogn og Fjordane.
Denne veka vart begge nettverka overraska med 100 000 kvar til arbeidet deira i 2023.
– U40-nettverka i Sogn og Sunnfjord har hatt ein fantastisk oppstart og har klart å fylle eit rom med noko vi verkeleg treng her i Sogn og Fjordane. Ønsker vi tilflyttarar og ønsker vi at folk skal bli verande, så må vi ha gode arenaer for fag og trivsel. Vi er rett og slett imponert over aktiviteten dei skapar for dei unge i regionen vår. Vi hadde lyst å gje dei ein pangstart inn i 2023, for å sikre at dei får fortsette i den gode flyten, fortel Roy Stian Farsund, direktør for bedriftsmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Overraska på juleverkstad

Sunnfjord U40 har fått over 390 medlemmar i sitt første leveår og arrangert åtte arrangement.
Torsdag inviterte dei til juleverkstad og gløgg. Det var fullt hus, og med julegensarar og julemusikk var stemninga høg. Ein av deltakarane var Ingunn Bentås Hofland, som jobbar i Sparebanken Sogn og Fjordane. Ho er med i ressursgruppa i Sunnfjord U40 og fekk æra av å dele ut gåva på vegner av banken.
Prosjektleiar i Sunnfjord U40, Sigrid Eikeland, vart svært overraska.
– No vart eg glad og veldig overraska. Vi veit at banken synest arbeidet vårt er viktig, og vi har fått støtte på mange måtar tidlegare. Det er ekstra kjekt å få ei julegåve!
Pengane seier ho vil kome godt med for aktiviteten neste år.
– Vi har jobba godt for å bruke pengane vi har fått til gode arrangement for medlemmane våre. Det hjelper alltid med ekstra penger i kassa. No har vi råd til å arrangere fleire signalarrangement neste år. Vi er veldig takksame for støtta, tusen takk, seier ho.

Over 150 medlemmar

Sogn U40 hadde nyleg eittårsdag, og har i løpet av sitt første leveår passert 150 medlemmar, gjennomført fem arrangement og oppretta prisen «Årets Sognaspire».
Leiar for U40-nettverket i Sogndal, Erlend Fardal Lunde, hadde styret på årsavslutning heime hos seg då det kom nisse på døra. Det var ingen andre enn Sparebanken-nissen.
– For ei fantastisk førjulsgåve! Vi sat med store auge heile gjengen då Sparebanken-nissen besøkte oss under styret si juleavslutning denne veka. Gåva kjem utruleg godt med for dei planane vi har for neste år, og vi er særs takksame for at Sparebanken Sogn og Fjordane er med på laget og bidreg til å bygge Sogn U40 som nettverk større og betre. Takk, seier han.

Johanne Viken Sandnes

Leiingkommunikasjonsdirektør959 21 208johanne.sandnes@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Slik tar du vårsjekken på økonomien

Våren er tid for opprydding! Med desse tipsa kan du få unna vårreingjeringa også når det gjeld privatøkonomien din, og sikre deg ein solid start på resten av året.

Les heile saka
Slik tar du vårsjekken på økonomien25. april 2024
Derfor bør du ha ei eiga bunadsforsikring23. april 2024
Store forventningar, nye krav og ein smule forvirring i landbruket 19. april 2024
– Dette vil bidra til meir mangfald i bransjen18. april 2024