
OVERRASKA: Fotballspelar Erik Hovden Flataker slappa av med familien etter 17 mai-feiringa. Sissel Wik ville det annleis!
Publisert 25. mai 2023Her vert EM-klare Erik overraska med stipend
Etter ein lang og fin 17. mai-feiring for familien Hovden Flataker vart dagen toppa då Sissel Wik i banken i Måløy plutseleg ringte på døra.
– Ja, eg var heime og slappa av med familien etter ein lang 17. mai. Dette var veldig overraskande og kjekt!
Desse orda tilhøyrer fotballspelaren Erik Hovden Flataker. 18-åringen frå Allmenningen er spiss på Sogndal, men sjølv i eit tett kampprogram fekk han smetta inn ein tur heim igjen til Nordfjord på nasjonaldagen. Når feiringa gjekk mot slutten troppa Sissel Wik opp med ein sjekk verdt 50 000 kroner. Dette betyr at Erik Hovden Flataker er vinnar av Furorestipendet!
Stipendet er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
– Å vinne Furorestipendet er veldig kjekt! Det betyr at eg har gjort noko riktig og er blitt lagt merke til, seier Furore-vinnaren.
Tidlegare same dag fekk også songaren Amanda Kvammen frå Førde Furorestipendet. Les om det her. Til hausten skal det delast ut endå fleire stipend, og søknadsfristen er 15. juni. Søk her!
16. mai-helt
Erik starta karrieren i moderklubben Skavøypoll, og etter eit kort opphald i Måløy vart han i 2020 henta av Sogndal. I år nyt han stor tillit hos trenar Tore André Flo og har fått starte mange kampar på laget som ligg heilt i toppen av 1. divisjon.
– For min del har sesongen til no vore ein opptur. Vi spelar god fotball, og eg trivast veldig godt ute på bana i lag med dei eg spelar med. Vi har fått ein god start på sesongen og er godt i rute, seier Erik.
Medan 17. mai er Norge sin nasjonaldag, er 16. mai fotballen sin festdag. Og på denne dagen opplevde nordfjordingen noko han aldri kjem til å gløyme. I Sogndal sin 1-0-siger over Hødd scora han nemleg kampen si einaste scoring.
– 16. mai-kampen kjem eg til å hugse. Det var veldig stort, spesielt med så mange vener og familie som såg på, fortel han.

VISSTE DET: Foreldra Kenneth og Mette var med på planen om å overraske sonen Erik med Furorestipendet.
Klar for EM med Norge
Til sommaren er det klart for noko anna den unge spissen kjem til å hugse. Då skal Erik representere Norge i G19-EM i Malta.
– Det er ikkje mange som får vere med på eit EM i fotball, så det vert eit høgdepunkt!
– Kva er målet dykkar der?
– Vinne heile greia! Vi har spelarar og laget til det om vi er skikkeleg skrudd på. Vi har allereie slått ut Frankrike i kvalifiseringa, som er eit av dei beste laga. Og tidlegare har vi spelt jamt mot Portugal og slått England, forklarer han.
Når det gjeld meir langsiktige mål svarer Sogndal-spelaren følgande:
– Først og fremst er det å rykke opp med Sogndal, og å spele så masse som mogleg. Så får vi sjå kva det bringer, men målet er sjølvsagt å spele i ein av toppligaane, seier fotballspelaren.
– Stor stas å overraske Erik med stipend
Sissel Wik, kunderådgjevaren som delte ut stipendet, seier at det var veldig kjekt å avslutte nasjonaldagen med å formidle det glade bodskap.
– Det var stor stas å få komme heim til Erik og familien og overraske han med Furorestipendet. Og ikkje minst er det eit veldig fortent stipend han får! Allereie som 18-åring er han ein viktig spelar for Sogndal, og det er kjempeimponerande. Det blir veldig kjekt å følge Erik vidare, og vi ønsker han masse lukke til både i EM til sommaren og karrieren elles, seier Wik.

FORTENT: – Allereie som 18-åring er Erik ein viktig spelar for Sogndal, og det er kjempeimponerande, seier Sissel Wik.

Fakta om Furorestipendet:
Furorestipendet er eit personleg stipend til framifrå ungdom (15-30 år) i kategoriane kultur, idrett og «open klasse». Stipendet er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som forvaltar overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane. Dei siste åra har det blitt delt ut åtte stipend kvart år, som alle har ein verdi på 50 000 kroner.
Fristen for å søke om Furorestipendet er 15. juni.
Siste frå meirennbank.no

Sjå alle som har fått gåve i Kinn, Bremanger og Selje
Tursti i Selje, instrument til musikklag, sikringshytte på Gjegnabu og nytt lydanlegg til kinoen i Bremanger. Dette er fire av dei mange gåvene som er delt ut i Kinn, Bremanger og Selje i vår.
Gåve til historisk hus i Førde2. juni 2023
Desse fekk gåve i Årdal og Sogndal kommune26. mai 2023