
Banksjef Jan Petter Vadheim, Geir Hansen i Årdal Teknologipark og kunderådgjevar i banken Anne Mikalsen Steinheim.
Publisert 16. november 2023– Dette betyr utruleg mykje for oss
Jan Petter Vadheim og Anne Mikalsen Steinheim i Sparebanken Sogn og Fjordane overraska leiinga ved Årdal Teknologipark med ein gåvesjekk på ein million kroner. – Tusen, tusen takk, responderte Geir Hansen ved teknologiparken.
Det gjekk eit gledens sukk gjennom deltakarane på konferansen Teknologiveka i Øvre Årdal då banksjef for bedriftsmarknaden i Indre Sogn, Jan Petter Vadheim, fekk komme fram og fortelje at eigarstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane hadde gjort vedtak om å gje ein million kroner til Årdal Industripark. Og forsamlinga responderte kjapt med å applaudere dei to banktilsette då dei ba Geir Hansen komme fram for å motta millionsjekken.
Berekraftig initiativ
– Årdal Teknologipark har søkt om å få utvikle Sogn Kompetanse- og utdanningssenter. Dette er eit prosjekt stiftinga ser som svært godt forankra både i lokale, regionale og nasjonale planar for kompetanseutvikling, fastheldt Vadheim i sin tale og viste spesielt til at regional plan i Vestland Fylkeskommune om berekraftig verdiskaping om kompetanse i arbeidslivet er viktig.
– Spesielt er det viktig at det blir skapt ei lokal forankring som kan jobbe på tvers av aktørane i næringslivet, utdanningsinstitusjonar og det offentlege. Ikkje minst er dette sentralt når Årdal og regionen elles skal lukkast med å utvikle og nå målsettingane i Grøn Region Vestland, sa Vadheim og viste til at pengane primært er retta mot å utvikle Sogn Kompetanse og Utdanningsenter i Årdal.
Styrke den vidaregåande skulen
– Dette er kort og godt fantastisk. Dette betyr utruleg mykje for oss, og vi skal nytte pengane godt, sa Geir Hansen og fekk spontan jubel frå publikum på konferansen.
Forutan Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sitt bidrag på ein million kroner, så har Vestland fylkeskommune vedteke å støtte dette prosjektet med tre millionar.
– Når vi veit at også næringslivet vil stille med pengar for å styrke kompetanseutviklinga til både private og offentlege institusjonar, så ser vi at dette er riktig prioritering. Ikkje minst er dette med på å styrke den vidaregåande skulen i området som utdanningsaktør, seier Geir Hansen i si grunngjeving.
– Og det er ikkje kvar dag eg får ein million kroner etter så kort tid i jobben, strålte Geir Hansen etter å ha motteke sjekken frå Jan Petter Vadheim og Anne Mikalsen Steinheim før han trekte fram personar som Terje Laberg (tidlegare leiar), Frank Øvstetun i Sitep og Anne Kauppi i Sogn Opplæringskontor som svært viktige.
Gåva på ein million kroner til Årdal Teknologipark er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
Siste frå meirennbank.no

No blir det betre tursti på Atløy
Fjelltrimgruppa i Atløy IL får 70 000 kroner i gåve til å lage tursti ved Tvibergsundet. No står dugnadsgjengen klare å sette i gang arbeidet i løpet av våren.
No blir det betre tursti på Atløy7. desember 2023
Økonomiske spådommar for 20247. desember 2023
Startar kursserie for unge kunstkritikarar7. desember 2023
Milliongåve til Villakssenteret i Lærdal5. desember 2023