GÅVE: Elevane på Nordfjordeid skule har sin eigen skulehage der dei dyrkar grønsaker. Til dette har dei no fått 100 000 kroner.
Publisert 29. november 2022

Desse elevane dyrkar sine eigne grønsaker

– Denne gåva er avgjerande for at vi skal kunne utvikle det vidare, seier Anne-Joril Bratlie Haugland, prosjektleiar for Grøn Integrering på Nordfjordeid.
«Éin millioooon!», ropar elevane i det Ann-Serine Hagen frå Sparebanken Sogn og Fjordane rullar ut sjekken som Grøn Integrering skal få. Det viser seg at det «berre» står 100 000 på den, men jubelen stilna heldigvis ikkje av den grunn.
– Dette er utruleg flott! No kan vi jobbe vidare med skulehagen vår, og for elevane er dette veldig kjekt. Vi har ingenting å gå på i budsjettet vårt, så skal vi gjere slik som dette er vi avhengige av gåvemidlar, seier Anne Joril Bratlie Haugland.
Ho er lærar på Nordfjordeid skule, og i tillegg prosjektleiar for Grøn Integrering, prosjektet som no er 100 000 kroner rikare. Denne gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
Artikkelen held fram under.
MANGE TIPS: 1000? 10 000? Éin million? Forslaga var mange då Ann-Serine Hagen skulle avsløre kor mykje dei skulle få.
STORE PLANAR: – Dette er utruleg flott! No kan vi jobbe vidare med skulehagen vår, og for elevane er dette veldig kjekt, seier Anne-Joril Bratlie Haugland (t.h.).


Kva er Grøn Integrering?

Grøn Integrering starta på Nordfjordeid i 2021 der innvandrarar i Stad kommune skulle få lære korleis ein dyrkar grønsaker i Norge. Dei har ein arena på Badstuplassen i sentrum, og i 2022 vart prosjektet utvikla med ein skulehage ved Nordfjordeid skule.
– Ideen var å lære innvandrarar og barn korleis ein dyrkar mat i Norge. Det er ein viktig kunnskap som er verdt å ta vare på, seier Haugland.
Ho held fram:
– Det er mykje som er blitt veldig industrialisert, så den allmennkunnskapen om å produsere mat forsvinn. Dette er både miljøvennleg og det gir god meistring. Vi har mange elevar som har gjort dette i heimlandet før dei kom hit, og det ser vi. Her får dei også brukt mykje av kvardagsnorsken. At dei får brukt språket på ein litt meir avslappa måte, og det er veldig fint.


Planar vidare

Skulehagen vart som nemnd teken i bruk tidlegare i år, og per er no består den av plantekassar. Hagen skal utviklast vidare, og det er til dette Grøn Integrering no har fått pengar. Planen er å bygge drivhus, få tilgang til vatn og straum via solcelleenergi, og å bygge ein sosial samlingsarena med utekjøkken og grillhytte.
– Denne gåva er avgjerande for at vi skal kunne utvikle det vidare. Vi har eit budsjett på korleis vi ønsker det skal bli, så no når vi får på plass finansiering så kan vi begynne å prioritere, seier Haugland.
Gåva vart delt ut av Ann-Serine Hagen og Helge Høvig, som jobbar som kunderådgjevarar i Sparebanken Sogn og Fjordane på Nordfjordeid.
– Kunnskapen ungane får her med å dyrke sine eigne grønsaker, den er veldig viktig å ta med seg. Dette er eit kjempeflott initiativ og prosjekt, seier Hagen.
– Ja, veldig bra! Dei har allereie fått til mykje, og vi gler oss til å sjå korleis det blir her når dei andre planane vert realisert også. Vi heiar på Grøn Integrering, seier Høvig.
GOD STEMNING: Elevane ved Nordfjordeid skule var godt fornøgd med gåva dei får til å utvikle skulehagen sin.
Bilda under har vi fått tilsendt av Grøn Integrering og viser litt av aktiviteten dei har hatt i år.

Kristian Helle

kommunikasjonsrådgjevar476 28 251kristian.helle@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Slik tar du vårsjekken på økonomien

Våren er tid for opprydding! Med desse tipsa kan du få unna vårreingjeringa også når det gjeld privatøkonomien din, og sikre deg ein solid start på resten av året.

Les heile saka
Slik tar du vårsjekken på økonomien25. april 2024
Derfor bør du ha ei eiga bunadsforsikring23. april 2024
Store forventningar, nye krav og ein smule forvirring i landbruket 19. april 2024
– Dette vil bidra til meir mangfald i bransjen18. april 2024