Publisert 16. november 2023

Hub for Ocean får 1,2 millionar til Symbiose Fjordane

Hub for Ocean får 1,2 millionar kroner i gåve til etablering av Symbiose Fjordane. Målet er å jobbe fram fullstendige verdikjeder for handtering av fiskeslam og anna avfall frå fiskeribransjen, skape næringsutvikling og få fleire aktørar til å samskape.
– Det er viktig for Hub for Ocean å legge til rette for utvikling. Det er ikkje vi som skaper dei teknologiske løysingane, men vi kan sørge for gode møteplassar for aktørar i bransjen som saman kan skape gode innovative løysingar. Å jobbe kvar for seg er ikkje lønsamt, men når ein slår seg saman får vi meir skala på avfallet og vi kan bruke same teknologien, seier Kristin Svardal, dagleg leiar i Hub for Ocean.
Tverrfagleg samarbeid
Hub for Ocean er lokalisert i Florø og fungerer som ein koplingssentral for kunnskap og kompetanse innan sirkulærøkonomi. Organisasjonen har allereie etablert eit sterkt økosystem med over 130 medlemmer, hovudsakleg industrielle aktørar.
Symbiose Fjordane er eit nyskapande program som er initiert ut frå tilrådingar frå Grøn region Vestland. Programmet strekker seg på tvers av næringar og etablerte verdikjeder, med mål om å gjere Vestlandet til den regionen der det er enklast for verksemder å etablere sirkulærøkonomiske prosjekt.
–Vi har jobba i halvanna år med dette, og vi ser eit stort behov for å samarbeide. Dette gjeld aktørar i heile verdikjeden og dei gir gode tilbakemeldingar. Når vi er fleire er det lettare å halde seg orientert om fag og nettverk og kva som rører seg, seier Svardal.
Berekraft og nye arbeidsplassar
Gåva på 1,2 millionar kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane som Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane forvaltar. Banksjef på bedriftsmarknaden Jo Dale Pedersen fekk æra av å overrekke gåva.
– Dette er ei investering i framtida til regionen og ei stadfesting av kor viktig det er med samarbeid. Banken og stiftinga er opptatt av å støtte innovative prosjekt som bidreg til berekraftig utvikling i regionen, slik som dette prosjektet gjer, og vi gler oss til å sjå resultata, seier Jo Dale Pedersen.
– Vi er svært takknemlege for denne gåva. Det betyr mykje å ha ein bank og ei bankstifting som støtter dette. Dette gjer at vi kjem oss vidare og gir oss eit økonomisk handlingsrom til å realisere Symbiose Fjordane og auka næringsutvikling på Vestlandet, seier Stein Kvalsund, viseadministrerande leiar i Hub for Ocean.
–Vi har eit langsiktig perspektiv på dette, og veit at det kjem til å bli stort. Det vil dukke opp mange nye spor som vi kan følge opp, seier Siri Laquian Stavang, senior næringsutviklar i Hub for Ocean som leiar programmet.
–Dette har også eit viktig berekraftsperspektiv i seg, fordi det vil kome nye næringar og nye arbeidsplassar, avsluttar Stavang.

Inger Marie Lien

kommunikasjonsrådgjevar971 90 242inger.marie.lien@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

No blir det betre tursti på Atløy

Fjelltrimgruppa i Atløy IL får 70 000 kroner i gåve til å lage tursti ved Tvibergsundet. No står dugnadsgjengen klare å sette i gang arbeidet i løpet av våren.

Les heile saka
No blir det betre tursti på Atløy7. desember 2023
Økonomiske spådommar for 20247. desember 2023
Startar kursserie for unge kunstkritikarar7. desember 2023
Milliongåve til Villakssenteret i Lærdal5. desember 2023