BEST PÅ SPARING: I Sparebanken Sogn og Fjordane er det no fleire kvinnelege kundar som sparar i fond enn det er menn.
Publisert 8. mars 2023

Kvinner sparar som aldri før

I dag feirar vi kvinnedagen 8. mars. Ein stor del av likestillingskampen er økonomi, og Sparebanken Sogn og Fjordane erfarer at dei kvinnelege kundane sparar meir enn før.

Størst auke i fondssparing

Det er fleire måtar å spare på; på sparekonto eller igjennom fond eller aksjar. Historisk sett har trenden vore at kvinner har spart mest på konto, medan menn i høgare grad har spart i fond og aksjar.
Dei siste åra har Sparebanken Sogn og Fjordane registrert ein endring i dette.
Frå januar 2021 til januar 2023 auka kvinner fondssparinga si med 46 prosent, medan menn auka med 31 prosent i same periode.
Dette er ein viktig del av likestillingskampen, meiner direktør for privatmarknad Linda Vøllestad Westbye.
(Artikkelen held fram under.)
– Det at vi kvinner tar ansvar for vår eigen sjølvstendige økonomi er viktig. Sjølv om kvinner framleis i snitt tener mindre enn menn, er det svært viktig at vi som kvinner tar aktive grep for å sikre ein sjølvstendig økonomi no og i framtida. Det at vi sparar aktivt vitnar om ei bevisst forhold til sin eigen økonomisk situasjon, seier ho.

Flest spareavtalar

I tillegg til talet kundar med fondskonto, har Sparebanken Sogn og Fjordane sett på talet kundar med spareavtale i fond. Ein spareavtale er ein fast sum som blir spart kvar månad.
Også her har kvinnelege kundar gjort framsteg. I løpet av dei siste to åra har kvinner oppretta nesten dobbelt så mange spareavtalar enn menn. Det er færre mannlege kundar som har fondskonto, men dei har i sum tent opp meir på konto enn kvinnene har.
Det mest vanlege sparebeløpet for kvinner er 1000 kroner i månaden, medan gjennomsnittet ligg på 1900 kroner i månaden.

Ta enkle grep – start sparinga

Vøllestad Westbye rår alle til å spare, enten det er på sparekonto eller i fond.
– Å spare litt er betre enn ingenting. Start smått og set opp eit fast trekk i månaden, og så kan du enkelt auke opp i mobilbanken om du får høve. Det viktigaste er å tenke langsiktig. Pengar du sparar i dag kan du bruke på det du drøymer om i framtida.
Har du spørsmål om sparing må du ikkje nøle med å kontakte kunderådgjevaren din eller kundesenteret vårt.
Gratulerer med kvinnedagen!

Sunniva Knutsen

kommunikasjonsrådgjevar908 15 045sunniva.knutsen@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Banktrøbbelet i USA og Sveits – kva skjer og kvifor skjer det?

Arne Sæterbakken, leiar for finans, forklarar uroa som har vore i den internasjonale bankmarknaden dei siste vekene.

Les heile saka
Banktrøbbelet i USA og Sveits – kva skjer og kvifor skjer det? 20. mars 2023
Lagar hjelpande hender til det lokale næringslivet 16. mars 2023
Restskatt? Her er banksjef Lars sine beste råd 14. mars 2023
No kan du søke om pengar frå overskotet vårt16. februar 2023