RÅD: Lars Solnørdal har fleire gode tips til dei som får restskatt.
Publisert 14. mars 2023

Restskatt? Her er banksjef Lars sine beste råd

Det er fleire grep du kan ta for å komme i mål med tilbakebetalinga til staten.
Frå og med 14. mars og fram til 31. mars får du melding frå Skatteetaten om å sjekke skattemeldinga di.
Ifølgje Skatteetaten vil rundt 2,9 millionar personar få pengar tilbake, medan rundt 900 000 nordmenn får restskatt. Det betyr at 4 av 10 vil få restskatt, og snittet på kva folk må betale tilbake ligg på 29 900 kroner.
– Det er nok mange som uroar seg litt i dag og dei neste dagane. Men kjem du i ein situasjon der du må betale tilbake pengar til staten, så finnast det fleire måtar å kome seg i mål på, fortel banksjef i Indre Sunnfjord, Lars Solnørdal.
Har du moglegheit er det lurt å betale inn heile summen før 31. mai, men Solnørdal har gode råd til dei som ikkje har summen ståande på konto.
– Vi er her om du ønskjer å få råd eller vil sjå over privatøkonomien din, så ta kontakt med oss om du ikkje veit heilt korleis du skal løyse det, seier han.
Han har og ei rekke forslag til kva du kan gjere sjølv om du får raude tal i skattemeldinga:


Lars sine restskatt-råd:

  • Skaff deg ein oversikt over inntekter og utgifter kommande perioden. Har du nokre unødige kostnadar du kan droppe?
  • Sjekk i boda og garasjen. Sel unna ting du ikkje treng lenger, til dømes barnevogna de ikkje brukar lenger, sportsutstyr eller liknande du ikkje brukar.
  • Sjå over alle kontoane dine.
  • Ta ei vurdering av ferien din, kanskje du kan spare inn litt.
  • Nokon har jobbar der ein kan jobbe litt ekstra, spe på med ekstravakter.
  • Snakk med banken, vi er her for å hjelpe deg, og kan gje deg råd.


Fått igjen på skatten?

Det er og mange nordmenn som vil ha eit ekstra stort smil om munnen i dag.
– Får du igjen på skatten, så er det sjølvsagt forståeleg at ein vil bruke det på noko du har ønskja deg, men eg vil og råde deg til å spare ein del av det. Det er alltid viktig med ein god bufferkonto og å ha ein spareavtale som tikkar og går kvar månad, så bruk gjerne desse pengane til å sikre sparinga di, seier Solnørdal.
OBS: I tida skattemeldingane kjem aukar ofte svindelforsøka. Hugs at Skatteetaten aldri vil be deg om kredittkortinformasjon, sikkerheitskodar, rekningar, kopi av pass, førarkort eller kontonummer via SMS eller e-post. Dei sender heller ikkje lenker uoppfordra i e-post eller SMS. For å være trygg, logg deg alltid inn via skatteetaten.no eller altinn.no. Les meir om Skatteetaten sine sikkerheitsråd her.

Johanne Viken Sandnes

Leiingkommunikasjonsdirektør959 21 208johanne.sandnes@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Store forventningar, nye krav og ein smule forvirring i landbruket

Jordbruksoppgjeret er like rundt hjørnet, og i år er det store forventningar til lønsforhandlingane. Bransjeansvarleg Ørjan Skåden gir deg eit innblikk i landbruksbransjen sine utfordringar og moglegheiter i 2024.

Les heile saka
Store forventningar, nye krav og ein smule forvirring i landbruket 19. april 2024
– Dette vil bidra til meir mangfald i bransjen18. april 2024
Vårsjekken på hus og hytte14. april 2024
Tre millionar kroner til Kunnskapsparken Vestland12. april 2024