No får utstyrssentralane meir utstyr dei kan låne ut gratis


Hilde Iren Rivedal anar ingenting om kor mykje Magn Henning Helgås har med seg til BUA Sunnfjord.
Marie Sørum (t.h.) jobbar i Sogn og Fjordane Turlag, og ho har vore ein sentral person i samband med utdelingane.
Previous (#prev)Next (#next)1 (#1)2 (#2)3 (#3)4 (#4)
24. juni 2022 – Kristian Helle

Gratis utlån av aktivitetsutstyr har blitt ein suksess. I år skal to millionar kroner bidra til at endå fleire kan vere med på aktivitetar.
Sjå fleire bilde frå andre utdelingar og liste over alle mottakarar nede i artikkelen.
I januar i fjor sette Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som gir gåver frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, av 1,9 millionar kroner til etablering av BUA-ustyrssentralar og andre liknande utlånsordningar i kommunane i Sogn og Fjordane.
Suksessen vert følgt opp no i 2022. I år skal to millionar kroner bidra til endå meir gratis utlån av aktivitetsutstyr, og no er nesten alt fordelt.
– Dette betyr mykje! No kan vi supplere utstyret vi allereie har, og vi kan kjøpe ting vi ikkje har hatt råd til. Det betyr at endå fleire får moglegheit til å komme i aktivitet og prøve nye ting, seier Hilde Iren Rivedal, einingsleiar for akivitetseininga i Sunnfjord kommune.
– Berre gode sider med dette
BUA Sunnfjord er blant 18 utstyrssentralar som no får pengar inn på kontoen, og som dermed kjøpe inn endå meir utstyr som ski, truger, skøyter, sykkelvogn, SUP-brett og andre ting. Og alt dette kan kven som helst låne gratis.
– Både BUA og andre liknande ordningar er fantastiske tilbod. Her kan ein låne skikkeleg tur- og friluftsutstyr, og det er med på å gjere forskjellane i samfunnet mindre. Tilbodet er også miljøvenleg då ein kan låne utstyr i staden for å kjøpe noko som kanskje vil bli ståande etter å ha blitt brukt eit par gongar, seier Magn Henning Helgås, som er Sparebanken Sogn og Fjordane sin assisterande banksjef på bedriftsmarknaden i Sunnfjord.
Han fekk æra av å overrekke BUA Sunnfjord ei gåve på 320 000 kroner.
– Det bidrar også til aktivitet, så det er berre gode sider med dette, legg han til.
Samarbeid med Sogn og Fjordane Turlag
På utdelinga til BUA Sunnfjord var også Pål Fidjestøl og Marie Sørum. Desse er heilt sentrale personar i samband med dei to millionane som går til aktivitetsutstyr i Sogn og Fjordane. Fidjestøl gjennom jobben sin i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som gir gåvene, og Sørum i Sogn og Fjordane Turlag.
– For oss i stiftinga kjennest det veldig meiningsfullt å bidra til dette. Nettopp på grunn av slike ting som Magn Henning nemner; at det er inntektsutjamnande, bidrar til aktivitet og er miljøvennleg. Og når det gjeld å fordele midlane har vi fått veldig god hjelp av Marie i Sogn og Fjordane Turlag, seier Fidjestøl.
I fjor fekk alle kommunane 100 000 kroner kvar, men i år vart midlane fordelt på ein litt annan måte.
– Jobben min har vore å kartlegge status, behov og ønsker hos dei forskjellige utstyrssentralane i Sogn og Fjordane. Det er veldig kjekt å få vere med på denne utdelinga og sjå det endelege resultatet av det vi har jobba med, seier Sørum.
Sjå alle som har fått gåve
I desse dagar er det fleire som også får glede av det endelege resultatet som Sørum nemner. Mats Solheim har vore innom BUA Stryn og gitt 80 000 kroner, Agathe Lunde Bergset har overrekt 120 000 kroner til BUA Gloppen og på Nordfjordeid har Helge Høvig og Ann-Serine Hagen overraska BUA Eid med 73 000 kroner.
– Tusen takk for pengane! Dette kjem godt med no når det nærmar seg sommar, seier Jannike Sundal, fagleiar ved BUA Eid, og nemner at der har dei planar om å kjøpe inn utstyr som barnesyklar, langrenn- og alpintpakkar til barn og vaksne, truger, SUP, sykkelhjelmar, sparkesyklar og våtdrakter.

På BUA Eid fekk Lena Borgund og Markus Reksten gåva si frå Helge Høvig og Ann-Serine Hagen, som jobbar på banken på Nordfjordeid.
Mats Solheim, som er kunderådgjevar i Stryn, hadde med 80 000 kroner til BUA Stryn. Til stor begeistring hos Marit Norunn Sandnes Skrede og Johanne Loen.
Dette er noko av utstyret som ein kan låne hos BUA og utstyrssentralane. Her frå BUA Sunnfjord.
Denne skiparken i skal no utvidast.
Gjengen hos BUA Sunnfjord: Magn Henning Helgås (Sparebanken Sogn og Fjordane), Brage Bueie Dalin, Hilmar Engesæter, Hilde Iren Rivedal, Kari Valle, Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane) og Marie Sørum (Sogn og Fjordane Turlag).
Previous (#prev)Next (#next)1 (#1)2 (#2)3 (#3)4 (#4)5 (#5)
  • BUA/utstyrssentral Tildelt
  • BUA Stryn 80 000
  • BUA Selje 110 000
  • BUA Gloppen 120 000
  • BUA Solund 60 000
  • Volda/Hornindal 52 000
  • BUA Bremanger 95 000
  • BUA Høyanger 160 000
  • Sogndal 170 000
  • Leikanger 150 000
  • BUA Gulen 60 000
  • Luster 45 000
  • BUA Sunnfjord 320 000
  • Hyllestad 97 000
  • BUA Askvoll 55 000
  • BUA Eid 73 000
  • Florø 130 000
  • BUA Fjaler 21 000
  • BUA Måløy 40 000
  • Totalt 1 838 000

Siste frå meirennbank.no

Slik tar du vårsjekken på økonomien

Våren er tid for opprydding! Med desse tipsa kan du få unna vårreingjeringa også når det gjeld privatøkonomien din, og sikre deg ein solid start på resten av året.

Les heile saka
Slik tar du vårsjekken på økonomien25. april 2024
Derfor bør du ha ei eiga bunadsforsikring23. april 2024
Store forventningar, nye krav og ein smule forvirring i landbruket 19. april 2024
– Dette vil bidra til meir mangfald i bransjen18. april 2024