
RÅD: – Dette er tips som mange både kjenner til og gjennomfører, men eg håpar at dei kan vere nyttige for endå fleire, seier banksjef Lars Solnørdal.
Publisert 18. august 2023Desse økonomiske grepa kan du ta sjølv etter ferien
– Fleire små grep kan i sum bety mykje for økonomien din. Og dei aller fleste grepa kan du gjere sjølv, seier banksjef Lars Solnørdal.
Sommarferien er forbi for dei fleste, og hausten er like om hjørnet. Det betyr tilbake til kvardagen, også for lommeboka. Med høgare prisar og renter som jamt og trutt går opp, er det ikkje berre enkelt.
– Eg har veldig stor forståing for at mange kjenner at økonomien er stram, men det er mange små grep ein sjølv kan ta som er bra for lommeboka, seier Lars Solnørdal, Sparebanken Sogn og Fjordane sin banksjef på privatmarknaden i Førde.
Banksjefen sine tips
Her kjem banksjefen med fem konkrete tips som forhåpentlegvis kan hjelpe.
– Dette er tips som mange både kjenner til og gjennomfører, men eg håpar at dei kan vere nyttige for endå fleire, seier Solnørdal.
- Set opp budsjett:
– Med å setje opp eit budsjett får du betre økonomisk kontroll. Og det er viktig å vere tru mot budsjett sitt, poengterer Solnørdal. Han viser til SIFO sin budsjettkalkulator, der du sjølv kan rekne ut budsjett ditt. Denne er oppdatert med tal frå 2023.
- Reduser der du kan:
– Kutt ned på småkjøp og impulskjøp, og avslutt abonnement og medlemskap du klarer deg utan. Det er veldig fort gjort å miste oversikt over for eksempel strøymeabonnement, som durar og går utan at ein tenker over det.
– Eit anna tips her er å handle sjeldnare, for eksempel berre ein gong i veka. Sjekk også tilbod før du går i butikken, og hald deg alltid til handlelista.
- Sel det du ikkje treng:
– Med appar og sider som Tise, Finn og kjøp- og salgrupper på Facebook er det blitt enkelt å selje det ein ikkje treng. Og det er ikkje minst ein god måte å få inn litt pengar på. Rundt om i skuffer, skap og boder ligg det mykje fullt brukande ting som andre kan ha glede av, så ta gjerne ei runde og sjekk.
- Kjøp brukt:
– No er tida for studiestart her, og det same gjeld for idretten som startar opp etter ferien. Treng ein nye ting til dette er det perfekt å kjøpe brukte bøker eller utstyr til fritidsaktiviteten. På til dømes Finn, Tise eller kjøp- og salgrupper på Facebook er det mykje kvalitet å finne.
- Bufferkonto:
– Kvar gong du har litt til overs anbefaler eg å fylle opp bufferkontoen din. Og dette er viktigare enn på lenge. Med pengar i bakhand blir det lettare å handtere uventa utgifter.
– Ta kontakt om det er noko
Eit anna ting Solnørdal nemner er at om ein har kredittkortgjeld og forbrukslån, så bør dette betalast ned så raskt som mogleg.
– Og det same gjeld rekningane dine. Ventar du for lenge må du betale renter og gebyr, og det tar store og unødvendige jafs frå budsjettet ditt, seier Solnørdal før han avslutningsvis legg til:
– Det eg har nemnd over her er eksempel på grep du kan gjere sjølv. Hugs at fleire små grep kan i sum bety mykje for økonomien din. Og om det skulle vere noko, så må du ikkje nøle med å ta kontakt med rådgjevaren din. Vi er her for å hjelpe og finne gode løysingar.

Siste frå meirennbank.no

Her forstod ikkje Ylinn noko som helst
Fotballspelaren Ylinn Tennebø trudde ho skulle ha ei roleg frihelg heime. I staden blei ho overraska då Sissel Vik kom på døra med 50 000 kroner i Furorestipend.
Her forstod ikkje Ylinn noko som helst25. september 2023
Furorestipend til hjerneforskar25. september 2023
No er Vidsyn fullfinansiert22. september 2023
Motivasjonsforedrag med Olaf Tufte20. september 2023