Publisert 20. september 2023

100% og litt til!

Saman med Fjøra Fotballklubb har vi gleda av å invitere deg til motivasjonsforedrag med Olaf Tufte, ein av Noregs mest imponerande idrettsutøvarar.
Som tidlegare verdsmeister i roing med fleire OL- og VM-medaljar og i dag bonde og gründer, er han den rette til å snakke om sjølvutvikling og motivasjon. I 2023 stakk han dessutan av med seieren i den populære TV serien Mesternes Mester og han har tidlegare også vunne 71° nord. Olaf sitt engasjement for samfunnet har gjort han til ei ekte inspirasjonskjelde for mange.
  • Korleis pushe seg sjølv til å bli betre?.
  • Det enkle er ofte det beste – det treng ikkje vere komplisert å bli ei betre utgåve av seg sjølv
  • Ved å heve dei rundt deg, gjer du deg sjølv betre
  • Korleis få laget til å yte for kvarandre.
  • Vegen til målet – ein oppnår ikkje suksess over natta.
  • Alt er mogleg, om du vil nok.
Velkommen til eit inspirerande foredrag frå ein ekte meister og motivator.

Om Arrangementet:

Stad: Quality Hotel Sogndal
Dag:7. okt. 2023
Tid:11:30
Påmeldingsfrist:6. okt. 2023 10:00

Siste frå meirennbank.no

No blir det betre tursti på Atløy

Fjelltrimgruppa i Atløy IL får 70 000 kroner i gåve til å lage tursti ved Tvibergsundet. No står dugnadsgjengen klare å sette i gang arbeidet i løpet av våren.

Les heile saka
No blir det betre tursti på Atløy7. desember 2023
Økonomiske spådommar for 20247. desember 2023
Startar kursserie for unge kunstkritikarar7. desember 2023
Milliongåve til Villakssenteret i Lærdal5. desember 2023