Pensjonseksperten sin spareråd


Har du oversikt på kva du vil få i pensjon, eller gjer du som mange andre; tenker at staten tar vare på deg?
Det ein får utbetalt som pensjonist gjennom folketrygda er ofte ikkje nok til å oppretthalde ei middels lønnsutbetaling. Mange av dagens 30- 50-åringar, risikerer ei halvering i inntekt når dei blir pensjonistar. Med enkle grep kan du unngå å kome i den situasjonen.

Spare langsiktig? Ikkje ta for låg risiko

– Den største feilen mange gjer, er at dei tar for låg risiko på den langsiktige sparinga si. Har du meir enn 10-15 år igjen til du planlegg å pensjonere deg, bør du spare i fond eller aksjar og velje ein spareprofil med litt høgare risiko. Det kan virke skummelt med risiko og svingingar, men det i lange løp vil dei fleste tene på å ha litt høgare risiko tidleg i sparinga si, og så heller justere ned risikoen etterkvart som ein nærmar seg tida for utbetaling, forklarer leiar for investeringssenteret i Sparebanken Sogn og Fjordane, Gunnar Heggheim.

Når skal eg begynne?

Banken har tidlegare hatt både kundekveldar og webinar med tema sparing.
– Mange lurer på når dei skal begynne, og nokre igjen lurer på om det for seint. Mitt svar er: Begynn å spare når du har fått etablert deg, når første huskjøpet er gjennomført og de har ein stabil økonomi. Og hugs at ein femhundrelapp i månaden, er betre enn ingen sparing. Og til dei som tenker at dei for seint ute; dei er ikkje det, men dei må ofte spare eit større beløp i månaden for å oppnå noko effekt.
Heggheim rådar til å opprette ein spareavtale og unngå å bli for mykje påverka av svingningar i marknaden.

Tre ulike spareformer

Det er i hovudsak tre måtar å spare til pensjon på: IPS, aksjesparekonto og fondskonto.
Aksjesparekonto er ein konto der du samlar aksjane og aksjefonda dine. Innanfor kontoen kan du kjøpe og selje aksjar og aksjefond, og du betaler ikkje skatt på gevinst undervegs. Skatten betaler du først når du tar ut gevinsten. Det er ingen bindingstid på pengane og kontoen passar ekstra godt for deg som er aktiv med kjøp og sal.
Hugs også at du må ha èin aksjesparekonto for aksjefond (fond som har større aksjeandel enn 80 %), og èin for aksjar. Du kan ikkje legge aksjefond og aksjar på same aksjesparekontoen hos oss.
Individuell pensjonssparing (IPS) er ein konto der ein binder pengane til du er nærmare pensjonsalder. Det vil seie at du ikkje kan starte å ta dei ut før du er 62 år. Kontoen gir skattefrådrag på inntil 9200 kroner dersom du sparer det årlege maksbeløpet på 40 000 kroner. Når du som pensjonist begynner å ta ut pengane frå kontoen, må du skatte på uttaket med 23 prosent.
IPS er ifølgje Heggheim ein veldig god måte å spare til pensjon for dei aller fleste.
– Eg slit rett og slett med å finne ulemper med denne ordninga dersom du har høve til å øyremerke midlane til pensjonsalder, seier Heggheim.
Vanleg fondskonto er for deg som ikkje ønskjer å binde pengane, og som vil ha ei blanding av t.d. rente og kombinasjonsfond med aksjeandel under 80%.

Siste frå meirennbank.no

– Dette vil bidra til meir mangfald i bransjen

Ein skuleturné saman med lokale kvinnelege rollemodellar skal forhåpentlegvis inspirere fleire. – Om vi rekrutterer både jenter og gutar, dekker vi samfunnet sine behov på ein betre måte.

Les heile saka
– Dette vil bidra til meir mangfald i bransjen18. april 2024
Vårsjekken på hus og hytte14. april 2024
Tre millionar kroner til Kunnskapsparken Vestland12. april 2024
Ny støtteordning til bedrifter9. april 2024