I FJOR: Så glade vart gjengen i Bulandet IL då dei fekk tildelt 750 000 kroner. No kan lag og organisasjonar igjen søke om pengar.
Publisert 16. februar 2023No kan du søke om pengar frå overskotet vårt
Har laget eller organisasjonen din eit spennande prosjekt på gang? Søk om midlar innan 1. mars.
Over 300 initiativ fekk pengar frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt overskot i fjor. Totalt vart det delt ut 56 millionar kroner i gåver i 2022.
Gåveåret 2023 er i gang, og no er tida inne for å søke om pengar frå banken sine to eigarstiftingar.
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er banken sin største eigar, og dei delar ut pengar frå bankoverskotet til samfunnsnyttige prosjekt i heile Sogn og Fjordane.
Sparebankstiftinga Fjaler vart til då Fjaler Sparebank i 2010 fusjonerte med Sparebanken Sogn og Fjordane. Denne stiftinga deler ut midlar til samfunnsnyttige prosjekt i Fjaler og Holmedal-området.
Siste frå meirennbank.no
Vårsjekken på hus og hytte
Etter ein lang vinter med kulde og nedbør vil ein grundig vårsjekk på hus og hytte bidra til å identifisere potensielle problem og førebygge skadar, noko som kan spare deg både tid og pengar på lang sikt.
Vårsjekken på hus og hytte14. april 2024
Tre millionar kroner til Kunnskapsparken Vestland12. april 2024
Ny støtteordning til bedrifter9. april 2024
Desse gjer ein jobb som angår oss alle9. april 2024