Studiestarten er her – sjekk Lisbeth sine økonomitips

GODE RÅD: Er du student? Kunderådgjevar Lisbeth har gode råd til deg.
18. august 2020 – Kristian Helle

Studieåret er her! Er du student har vi her nokre gode økonomitips til deg frå Lisbeth Aasen Andersen, kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane.
– Det første du bør gjere er å lage deg eit budsjett. Kor mykje får du inn i løpet av månaden og kor mykje utgifter har du? Denne oversikta er veldig viktig å skaffe seg, for då veit du kor mykje du kan bruke, seier Lisbeth.
– Mat er ein veldig stor utgiftspost, og her er det lurt å lage vekesplanar. Då er det ofte nok å handle éin gong i veka, og på denne måten unngår du også unødvendige impulskjøp som i lengda blir dyrt og kan føre til matsvinn, held ho fram.
Gjenbruk og BSU
I tillegg til budsjett peikar kunderådgjevaren på fleire ting som er viktig for studentøkonomien.
– Gjenbruk er bra! Kjøp brukte ting. Det kan for eksempel vere skulebøker eller møblar før du flyttar inn i leiligheita eller hybelen din. Mange kjøper også klede brukt, og det er veldig fint. Her er Tise ein smart app, seier Lisbeth.
Studietida tek sjølvsagt mykje tid og energi, men om du har moglegheit til å skaffe deg ein deltidsjobb på kveldstid og i feriane er det bra for lommeboka. Og då kan det også vere mogleg å spare litt pengar samstundes som du studerer.
– Har du skattbar inntekt medan du studerer er det lurt å spare i BSU. På ein BSU-konto er det mogleg å setje inn 25 000 kroner i året, og dersom du klarer det så får du eit skattefrådrag på 5000 kroner.
Forsikringar, bevisst på pris og betal i tide
Forsikringar må du også ha, og her trekker Lisbeth fram innbuforsikring, reiseforsikring, uføreforsikring og ulykkesforsikring.
– Men hugs å sjekke om du allereie er forsikra, for det kan nemleg vere at foreldra dine sine forsikringar allereie dekker deg, seier Lisbeth.
På ssf.no kan du sjekke ut meir om forsikringane våre som vi tilbyr i samarbeid med Frende Forsikring. (https://www.ssf.no/eigendelane-dine)
Til slutt har Lisbeth to tips til som også er viktig å tenke på som student. Det er det å vere prisbevisst, og at du må hugse å betale rekningane dine i tide.
– Du kan spare mykje med å vere prisbevisst. Lag deg gode vanar og samanlikn prisar. Kva butikk handlar du på? Kor ofte handlar du? Slike ting kan bety mykje for lommeboka di. Og treng du både TV 2 Sumo, Netflix, HBO og Viaplay? Om du varierer litt og abonnerer på nokre strøymetenester no, og andre då, så sparer du mykje, seier Lisbeth og smiler.
– Og når det gjeld rekningane dine så betal dei i tide. Unngå purregebyr og betal rekningar ved forfall. Eit godt tips er å legge inn faste utgifter som eFaktura eller AvtaleGiro, for då gløymer du dei ikkje. Og ikkje bruk kredittkort eller forbrukslån som buffer, rådar Sparebanken Sogn og Fjordane sin kunderådgjevar.
Vi ønsker alle studentar lukke til med studieåret 2020/2021.

Siste frå meirennbank.no

Klart for jul på barneavdelinga

Det var gåvedryss då store delar av næringslivet i Sunnfjord var samla til frukostmøte i banken i Førde. Totalt 580 000 kroner vart delt ut.

Les heile saka
Klart for jul på barneavdelinga 1. desember 2022
Desse elevane dyrkar sine eigne grønsaker29. november 2022
Vil rekruttere fleire som Kristin25. november 2022
– Målet vårt er at besøkande skal bli tryggare i naturen24. november 2022