– MOTIVERANDE: Leiar i Skavøypoll IL seier det er motiverande og kjekt å få støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Her med banksjef i regionen, Ole Aukland, og Sissel Wik. Foto: Kjellrun Åsebø / Fjordenes Tidende
Publisert 16. november 2022

Fekk 850 000 kroner i gåve: – Bidreg til inkludering

Skavøypoll Idrettslag satsar stort for å utvikle idrettstilbodet til store og små i bygda. Med dette håpar dei å legge til rette slik at endå fleire finn ein stad å høyre til i sitt lokale idrettslag.
Til dette fekk dei nyleg to pengegåver; 750 000 kroner til nytt tak og klubblokale på stadion, og 100 000 kroner til ny utstyr for Allidretten.
-Med alt som har skjedd i den store verda, og prisar som går opp, blir det dyrare å gjennomføre slike prosjekt. Å få slike gåver hjelper oss til å halde framdrift og kome i mål. No kan vi bruke tida på å gjennomføre prosjektet, i staden for å samle inn pengar. Det er kjekt og motiverande og betyr veldig mykje, seier Rune Solvang, styreleiar i Skavøypoll IL.
Gåvene er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Bidreg til inkludering

Den største gåva skal i hovudsak til bli brukt til eit overbygd tak til tribuna på stadion, og til eit nytt klubblokale. Området inneheld både klatrepark, ballbinge og grillhytte og er ein naturleg møteplass for bygda.
Eit funksjonelt bygg med fellesområde, toalett og kjøkken som kan nyttast til sosiale arrangement og kiosk, har idrettslaget ønskt seg lenge, fortel Solvang.
-Det er stort fokus på at idrett skal vere tilgjengeleg for alle. No får alle, til og med rullestolbrukarar, høve til å kome seg på kamp og toalett. Det hadde vi ikkje før. Dette prosjektet opnar opp for endå meir inkludering i idretten, seier han.

-Vi vart heilt paffe

Allidretten i Skavøypoll IL hadde søkt Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane om midlar til å kjøpe nytt utstyr. Då banksjef i regionen Ole Aukland og kunderådgjevar Sissel Wik overraska dei med ei gåve på 100 000 kroner, var gleda stor.
–Vi hadde ei tentativ ønskeliste då vi sendte inn søknaden, men når vi fekk 100 000 kroner vart vi heilt paffe. No fekk vi litt meir enn vi hadde trudd, så no skal vi i tenkeboksen og finne ut kva vi ønsker å kjøpe, seier leiar John Ivar Sunde.

–Sikrar at ingen fell uanfor

Allidretten er der dei minste får første møte med idrett, og får teste forskjellige idrettar. Med denne gåva får dei rom for å halde kontingenten låg, slik at tilbodet er tilgjengeleg for alle, forklarar Sunde.
–Høge kontigentar ekskluderer barn, spesielt no med prisauken elles kan slike kontingentar fort bli eit av kutta i familieøkonomien. Vi har ein beskjeden kontingent, og er glade for å kunne halde den så låg som mogleg, seier han og held fram:
–Vi kjempar ikkje berre mot utanforskap, men òg at barn og unge i større grad melder seg ut av fysisk aktivitet på fritida. Til fordel for andre ting som stel merksemda. Vi er utruleg takksame for gåva. For dette meiner vi i høgste grad er med på å styrke folkehelsa, avsluttar han.

Stor gåve

Sissel Wik og Ole Aukland frå banken synest det var stas å kunne gi eit så stort bidrag til idretten i Måløy.
– Aldri før har eg delt ut ei så stor gåve her. Det er veldig kjekt, seier Aukland og held fram:
– Det er gledeleg å vere med å støtte to viktige saker. Det er som Solvang seier, to prosjekt som verkeleg bidreg til inkludering og folkehelse.
Foto: Kjellrun Åsebø, Fjordenes Tidende

Sunniva Knutsen

kommunikasjonsrådgjevar908 15 045sunniva.knutsen@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Store forventningar, nye krav og ein smule forvirring i landbruket

Jordbruksoppgjeret er like rundt hjørnet, og i år er det store forventningar til lønsforhandlingane. Bransjeansvarleg Ørjan Skåden gir deg eit innblikk i landbruksbransjen sine utfordringar og moglegheiter i 2024.

Les heile saka
Store forventningar, nye krav og ein smule forvirring i landbruket 19. april 2024
– Dette vil bidra til meir mangfald i bransjen18. april 2024
Vårsjekken på hus og hytte14. april 2024
Tre millionar kroner til Kunnskapsparken Vestland12. april 2024