LANGSIKTIG: – Trur du at du treng pengane i løpet av kort tid bør du heller vurdere andre spareformar. Å tenke langsiktig ved fondssparing er viktig, seier Gunnar Heggheim, leiar på investeringssenteret i banken.
Publisert 10. februar 2023

Ikkje vent på marknaden - start fondssparing i dag

Bør ein starte sparing når marknaden svingar? – Ja, meiner leiar for investeringssenteret Gunnar Heggheim.
– Å starte langsiktig sparing i fond er alltid rett, så fremt du har moglegheita til det, seier han.
Han presiserer at han har full forståing for dei som har mindre rom i økonomien no enn før grunna prisauke og renteoppgang. Men har ein moglegheit kan det vere gode grunnar for å starte sparinga i fond no.
– Når marknaden svingar og det går «dårleg» i marknaden, så får du faktisk kjøpe fleire andeler for same kronebeløp, fortel han.
Gunnar sine grunnar for å starte med fond:
  • Du får langsiktig meiravkastning
  • Du tar del i verdiskapinga i næringslivet
  • Du beheld kjøpekrafta til kapitalen din
Fordelen med å spare i fond er at du kan ta ut pengane når du har behov for dei, men Gunnar presiserer ein viktig ting:
– Tenk langsiktig ved sparing i fond. Trur du at du treng pengane i løpet av kort tid bør du heller vurdere andre spareformar. Å tenke langsiktig ved fondssparing er viktig, fortel han.
Før du startar sparing bør du ha kontroll på desse elementa i økonomien din:
  • Ha ein buffer ståande på konto for uforutsette utgifter
  • Er du ung med husplanar, prioriter BSU-konto før fond
  • Betal ned kredittkortgjeld eller forbrukslån
Er desse tinga på plass er det berre å starte sparinga di.
– Du kan teste spareroboten vår på nettsida vår, og der kan du også finne ulike fondspakkar i ulike risikoklassar, seier Heggheim.
– Ein del av kundane våre likar å prøve seg fram på eigenhand, men treng du hjelp eller har spørsmål sit rådgjevarane våre klare til å hjelpe deg, seier han.


Sparerobot og fondspakkar

Sjekk også ut videoane våre om den nye spareroboten vår og dei ulike fondspakkane vi tilbyr. Videoane kan du sjå under om du er på mobil, og til høgre om du sit på PC.
Spareroboten kan du sjølv teste her, og meir om fondspakkane kan du lese om her.

Johanne Viken Sandnes

Leiingkommunikasjonsdirektør959 21 208johanne.sandnes@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Banktrøbbelet i USA og Sveits – kva skjer og kvifor skjer det?

Arne Sæterbakken, leiar for finans, forklarar uroa som har vore i den internasjonale bankmarknaden dei siste vekene.

Les heile saka
Banktrøbbelet i USA og Sveits – kva skjer og kvifor skjer det? 20. mars 2023
Lagar hjelpande hender til det lokale næringslivet 16. mars 2023
Restskatt? Her er banksjef Lars sine beste råd 14. mars 2023
Kvinner sparar som aldri før8. mars 2023