SOSIAL MØTEPLASS: Denne gåva skal vere med på å rehabilitere klubbhuset til Leikanger skyttarlag. Frå venstre: Jan Petter Vadheim, Kristin Husum, Leif Bjarne Sæle og Olav Skarsbø.
Publisert 25. november 2022

Vil rekruttere fleire som Kristin

1,65 millionar kroner i gåvemidlar vart delt ut under Sparebanken Sogn og Fjordane sitt frukostmøte i Sogndal fredag. 400 000 kroner av desse skal gå til målet om ein sosial møteplass med aktivetar for unge i skyttarmiljøet i Leikanger.
Sogn næringsråd og Sparebanken Sogn og Fjordane inviterte til frukostmøte for næringslivet fredag 25. november.


Førjulsgåver til gode tiltak

På slutten av møtet hadde banksjef for bedriftsmarknad, Jan Petter Vadheim, lyst å gje merksemd til gode lokale initiativ.
Pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, og delast ut via eigarstiftinga til banken, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Både Leikanger skyttarlag, Sogn ridehall, Kunnskapsparken Vestland og Vite Meir reiste frå møtet med sjekk i handa. Totalt var 1,65 millionar delt ut.
– Vi er imponert over all skaparvilje som er her i Sogn, og det at vi får bidra til at gode tiltak vert realisert er vi svært takknemlege for, seier Vadheim.
Under bildet kan du lese om kvar enkelt tildeling.
DESSE FEKK GÅVE: Framme f.v.: Agna Hollekve, Jøril Hovland, Gry Høyheim og Kristin Husum. Bak f.v.:Johannes Holen Bakken, Jan Petter Vadheim, Marit Haugan Hove, Leif Bjarne Sæle og Olav Skarsbø.


Ønskjer fleire som Kristin

Leikanger skyttarlag skal rehabilitere klubbhuset sitt, og fekk med seg 400 000 kroner.
– Leikanger skyttarlag er med denne gåva eit langt steg nærare målet om å skape ein sosial møteplass med aktivitetar innan skytesporten for born og ungdom, seier Olav Skarbø frå skyttarlaget.
– Gåva betyr veldig mykje for oss, seier Kristin Husum, som er ein av ungdommane i Leikanger som er med i skytesportmiljøet.
400 000: – Denne gåva betyr veldig mykje for oss, seier Kristin Husum. Her saman med Jan Petter Vadheim (t.v.), Leif Bjarne Sæle og Olav Skarsbø.


Runda fire millionar i totalsum til ViteMeir

ViteMeir fekk 600.000 kroner til ein ny klima og energi-installasjon.
– Det er ikkje første gongen Vite meir får gåver frå overskotet vårt. Totalt har vi gjeve over fire millionar kroner til Vitensenteret på Kaupanger. Og det er det gode grunnar til. Vite meir er ein viktig institusjon for heile regionen. Det er viktig at utstillingane endrar seg, slik at barn og unge opprettheld interessa for senteret. No skal dei lage ny, flott utstilling i 1. etasje, seier Jan Petter Vadheim.
Dagleg leiar Gry Høyheim og leiar administrasjon Marit Haugan Hove tok imot pengane på vegner av senteret.
– Gåva er eit viktig bidrag til arbeidet vårt med ei ny energiutstilling. Gjennom utstillinga vil vi formidle viktig kunnskap om ulike energikjelder, bruk av energi og sette dette inn eit miljøperspektiv. Utstillinga vil inspirere dagens born til å bli gode endringsagentar og til å finne løysingar på dagens og morgondagens utfordringar, seier Høyheim.
NY GÅVE: Med denne gåva har Gry Høyheim og ViteMeir fått fire millionar av bankoverskotet.



Riding for alle

– Vi er veldig takknemlege for gåva, og den skal gå til det store målet vårt: Nemleg at alle dei som ikkje har hest sjølv kan få kome til oss for å ri, seier Agna Hollekve frå Sogn ridesenter.
Dei fekk 400.000 kroner til det nye hestesportanlegget som skal føre dei nærare dette målet.
TIL NYTT ANLEGG: 400 000 kroner til Agna Hollekve, Johannes Holen Bakken og alle andre som gler seg til nytt anlegg. Til høgre: Jan Petter Vadheim.


Vil lære opp bedrifter i berekraft

Kunnskapsparken Vestland har fleire prosjekt på gong for å bistå næringslivet med å tilpasse seg både nye og framtidige miljøkrav.
– Vi jobbar mykje med grøn omstilling i bedrifter for å møte globale utfordringar. Nye lover og forskrifter set kursen for naudsynt omstilling og målet vårt er at næringslivet i regionen skal bli med i det grøne skiftet, også for å behalde konkurransekrafta si. Vi er difor veldig takknemlege for bidrag inn i dette arbeidet, seier Jøril Hovland i Kunnskapsparken Vestland.
PENGAR TIL OPPLÆRING: 250 000 kroner til Jøril Hovland og Kunnskapsparken Vestland.

Johanne Viken Sandnes

Leiingkommunikasjonsdirektør959 21 208johanne.sandnes@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Krisesenteret får ein halv million i gåve

– Dette er eit svært viktig tilbod for alle barna som kjem innom her, seier Anja Korneliussen.

Les heile saka
Krisesenteret får ein halv million i gåve27. mars 2024
– Her vart eg skikkeleg rundlurt!27. mars 2024
– Vi er alltid i beredskap25. mars 2024
Økonomivettreglar22. mars 2024