Med mobilbanken vår har du alltid med deg banken i lomma. Mobilbanken er både rask å logge på og enkel å bruke, og du får gjort det samme der som i nettbanken. Vi oppdaterer den stadig med nye, smarte funksjonalitetar.

For å få mobilbank må du

  • Ha nettbankavtale
  • Ha iOS 11.0 eller Android 5.0 eller nyare
  • Laste ned appen vår gratis på App Store eller Google Play via mobilen din

Mobilbank Ung

Med Mobilbank Ung får unge i alderen 8-15 år full oversikt over kort- og pengebruk rett i lomma. Saman med mobilbanken får barnet også ein konto og eit kort. Alt dette ordnast når du bestiller Mobilbank Ung.
Dette treng du:
  • Sende inn bestillingskjema
  • Mobil med iOS 11.0, Android 5.0 eller nyare
  • Appen vår, som du lastar ned gratis i AppStore eller GooglePlay

Snakk med oss - rett frå mobilbanken

No kan du snakke direkte med ein av oss når du er pålogga i mobilbanken.
Mellom 8 og 15 på kvardagar kan du prate med ein av rådgjevarane våre på Kundesenteret - trygt og enkelt frå mobilbanken.

Ting folk lurer på

meirennbank.no om mobil- og nettbank

Smart og enkel sparing med heilt ny funksjon

Har du lyst på ny sykkel? Eller kanskje du allereie no vil begynne sparinga til ferie neste år? Vi har utvikla ein heilt ny funksjon i mobilbanken som gjer dette enkelt.

Alt du treng å vite om pålogging til nettbanken

Vi har laga ein serie med opplæringsvideoar som  forklarer forskjellane mellom dei ulike måtane å logge inn i nettbanken på, og viser steg for steg korleis du bruker kvar av dei. Lista med filmar er ikkje komplett endå, her vil kome meir etterkvart.

BankID, BankID på mobil og mobilbank: Kan du forskjellen?

Med mange like namn i bankverda blir ein fort litt forvirra. Kva er eigentleg forskjellen på BankID, BankID på mobil og mobilbank? Her kjem ei oversikt over dei ulike omgrepa.

Er du kunde i fleire bankar?

Er du kunde hos oss og i tillegg har konto hos Sparebanken Vest, kan du snart få denne inn i kontooversikten din i mobil- og nettbanken.