Svindelforsøk skjer ofte – ikkje la deg lure

Svindlarar finn stadig nye metodar for å prøve lure deg. Dei mest vanlege formene for nettsvindel er phishing og investeringssvindel. Sist ute no er svindelforsøk på SMS om at BankID er sperra. Denne meldinga er ikkje sendt frå oss, så ikkje trykk på lenka i meldinga.

Smishing - phishing via SMS

Phishing vil seie at svindlarane fiskar etter informasjon slik som passord, kortinformasjon eller personlege opplysningar. Dette skjer ofte på e-post, men no ser vi at svindlarane også prøver seg via SMS, såkalla Smishing.
Slike meldingar inneheld ofte ein link til ei falsk nettside der svindlarane ønskjer å få tak personleg informasjon om deg som til dømes BankID-informasjonen din. Denne informasjonen kan svindlarane misbruke for å få tilgang til nettbanken din.
Her ser du to eksempel på Smishing der svindlarane prøver å få tak i informasjon. Får du slike meldingar eller noko liknande ber vi deg ta ein skjermdump å sende til oss, før du sletter meldinga. Du kan sende bilete til kundesenter@ssf.no

Dette gjer du for å unngå å bli svindla

  • Ikkje gi frå deg sensitiv informasjon. Banken din vil aldri be deg om sensitiv informasjon, som passord, brukarnamn eller kortinformasjon. Du skal aldri dele passorda dine med nokon. Ikkje eingong med dei du kjenner!
  • Stol aldri blindt på innhald i meldingar, sjølv om det ser ut til å kome frå banken din, eller nokon du stolar på. Ikkje klikk på mistenkelege lenker du mottar i meldingar.
  • Dersom språket og innhaldet i meldinga er rart formulert, bør du bli mistenksam. Ver ekstra på vakt viss avsendaren har eit utanlandsk telefonnummer.
  • Ikkje ring tilbake eller svar på tekstmeldinga. Det kan fort koste deg dyrt.

Kva gjer du om får ein mistenkeleg e-post eller SMS?

Investeringssvindel

Får du eit investeringstilbod frå eit ukjent selskap som verkar for godt til å vere sant? Faren er stor for at det er svindel, spesielt om tilbodet gjeld aksjar, kryptovaluta, fond eller eigedom.

Styr unna investeringstilbodet viss:

  • Investeringa er vanskeleg å forstå.
  • Dokumentasjonen er uklar.
  • Du blir lova høg avkastning til låg risiko.
  • Dei munnlege løfta er endå betre enn i det skriftlege materialet.
  • Du blir anbefalt eit aksjeselskap som ikkje er børsnotert (unoterte aksjar).

Kontoller dette før du investerer:

  • Sjekk om selskapet har konsesjon. Alle selskap som tilbyr investeringsråd er pålagt å ha konsesjon.
  • Sjekk at bedrifta er medlem i i Autorisasjonsordningen for finansielle rådgjevarar (AFR). Desse følgjer eit felles regelverk og har strenge krav til kompetanse og haldningar.