Kva betyr den nye finansavtalelova for deg som kunde?

Ny finansavtalelov vart gjort gjeldande frå 1. januar 2023. Hovudformålet med lova er å styrke dine rettigheiter og førebygge gjeldsproblem.

Kvifor kjem det ny lov?

Finansavtalelova regulerer finansavtalar, slik som avtalane du inngår med banken din. Gjennom denne lova får du som kunde styrka rettigheiter.
Eit sentralt punkt i lova er at banken får utvida plikt til å rettleie og varsle deg som kunde. Det fører til fleire krav til banken om å kommunisere forståeleg og enkelt, slik at du kan ta gode avgjersler for økonomien din.

Meir kommunikasjon med banken

Den nye finansavtalelova seier at banken er lovpålagt å sende deg som kunde fleire meldingar om ulike forhold, til dømes om renteauke, og det kan ved nye avtaler bli stilt fleire spørsmål til deg.
Dei viktigaste meldingane vil du òg bli varsla om på SMS eller e-post. Elles vil du få informasjon via mobil- og nettbanken.

Betre forbrukarvern

Den nye lova skal regulere fleire avtaler og tenester. Dette betyr det for deg:
  • Betre vern og lågare eigenandel dersom BankID-en din eller kortet ditt blir misbrukt.
  • Banken har auka ansvar ved svindel.
  • Digital kommunikasjon blir standardvalet, men med høve for å reservere deg dersom du heller vil ha brev i posten.
  • Bankane har plikt til å avslå lånesøknaden din dersom den økonomiske situasjonen din ikkje er god nok.

Avtalane dine gjeld framleis

Den nye lova medfører ikkje at dei eksisterande avtalene dine med banken opphøyrer. Eksisterande avtalar vil halde fram og eventuelt fornyast på same måte som tidlegare.