Berekraft og samfunnsansvar
Sparebanken Sogn og Fjordane har hatt ei sentral rolle i utviklinga av lokalsamfunna i regionen. «Ei drivkraft for Sogn og Fjordane» har vore visjonen sidan banken vart skipa i 1988. Vi har som mål å vere ei verksemd som bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn. Vi jobbar saman med kundane, leverandørane og samarbeidspartnerane våre for dette målet.
Her kan du lese meir om korleis vi arbeidar med berekraft, og kva initiativ vi støttar.